Ravana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ravan med vina. Elfenbeinskulptur frå Minaksji-tempelet i Madurai.

Ravana er ein mektig raksjasa, eller demon, og motstandar mot gudane i fleire hinduforteljingar. Han er ofte framstilt med ti hovud og tjue armar. Ravana er særleg kjend som ein viktig antagonist i hinduforteljinga Ramayana.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Statue av Ravana frå 1700-talet.

Ravana er son av Visjrava, ein soneson av guden Brahma, og Kaikesi, ein vakker raksjasa. Dei fekk også dottera Surpanakha. Andre brør og halvbrør av Ravana er Khara, Kumbhakarna, Vibhishana og rikdomsguden Kubera. Han herskar over Lanka, som han har fordrive broren Kubera frå.

Ravana har fleire koner. Mandodari, dotter av Mayasura og Dhanyamalini er nemnde ved namn. Han har sju nemnde søner: Meghnaad (eller Indrajit), Atikaya, Akshayakumara, Devantaka, Narantaka, Trishira og Prahasta.

Gjennom strenge rituelle øvingar oppnår Ravana gåver og vern frå gudane Sjiva og Brahma. Han har mykje lærdom, og speler strengeinstrumentet vina, som han ofte blir avbilda saman med.

Ravana framstilt under Sjiva og Parvati på Kailasa.
Ravana slost mot Rama og hæren hans.
Dronning Mandodari og andre lankiske kvinner sørgjer over Ravana.

Soger[endre | endre wikiteksten]

I Ramayana blir det fortald korleis Ravana kler han seg ut som ein heilag tiggar, lurer Sita ut av ein vernande sirkel og tek henne til riket sitt, der han prøver å få henne til å gifta seg med han. Bortføringa er ein hemn mot mannen hennar Rama, som har ført krig mot raksjasaene, og broren hans Laksjmana, som skar nasen av Ravana si syster Surpanakha. Rama og hjelparar følgjer etter og fører krig mot Ravana. Rama ender opp i kamp mot Ravana, og prøver å hogga hovuda av han, men kvar gong han har hogd av eitt, veks eit nytt ut. Til slutt drep han med ei pil laga av Brahma.

I ei anna forteljing ristar Ravana på det heilage fjellet Kailasa, der Sjiva held til. For å stoppa han presser Sjiva fjellet ned med tåa si og held Ravana fanga i tusen år.

I følgje Vishnupurana blei Ravana seinare gjenfødd som Sisupala.[1]

Framstilling og oppfattingar[endre | endre wikiteksten]

Ravana er blitt framstilt i kunst og kultur talrike gonger. I festivalar som ramlila lager ein store dokker av Ravana og brenn dei ved slutten som eit symbol på at han blei overvunnen.

Ravana er også blitt heidra av hinduar. I landsbyen Bisrakh i Uttar Pradesh reknar innbyggjarane han som ein innfødd, og sørger for han under dussehra.[2] I Ravangram i Madhya Pradash bur brahminar som reknar seg til same kaste som Ravana og tilber han. Det finst ogsa tempel til Ravana fleire stader i India.[3]

Ravana er ikkje omtalt som berre vond, sjølv ikkje i alle Ramayana-forteljingar. Tulsidas sitt dikt Ramacaritmanas nemner til dømes at Ravana også hadde gode eigenskapar. I nokre bengalske versjonar av Ramayana er Ravana meir av ein helt, noko forfattaren Michael Madhusudan Dutt nytta i si gjenforteling av soga på 1800-talet.[4] I følgje ein mindre utbreidd hindutradisjon blir følgjesvenene til Visjnu (Rama er ein avatar av Visjnu) fødde som demonar som slost mot guden berre for å vera nær han.[3]

I moderne tenking er Ravana blitt sett opp som ein motsats til sanskritisering og nordleg kulturell undertrykking av sørindisk og dravidisk kultur.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ravana har fleire tilnamn, som Dasanana, Dasakantha og Dasamukha, som alle viser til at han har ti hovud. På ulike språk der Ramayana-eposet er kjend er namnet blitt omforma til Raabon (bengali), Raavun (kasjmiri), Ravanasurdu (telugu), Raavanan (tamil), Rawana eller Wana (malayisk) og Raphanasuan (laotisk).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ravana», Encyclopedia for Epics of Ancient India, mythfolklore.net
  2. Neelu Vyas, «On Dussehra, village cries for Ravan», IBN Live (Sep 30, 2006)
  3. 3,0 3,1 Ravana has his temples, too. The Sunday Tribune – Spectrum. 21 October 2007; Vachaspati.S, Ravana Brahma [in English], 2005, Rudrakavi Sahitya Peetham, Gandhi Nagar, Tenali, India; Kamalesh Kumar Dave, Dashanan [in Hindi], 2008, Akshaya Jyotish Anusandan Kendra, Quila Road, Jodhpur, India.
  4. Vinay Lal, «Ramayana», Manas, UCLA
  • «Ravana», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. Encyclopædia Britannica Inc., 2014. Vitja 22. des. 2014


Spire Denne hinduismeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.