Mithila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Map of Proposed Mithila State, showing its districts

Mithila (sanskrit मिथिला, mithilā) er eit gammalt indisk kongerike og eit landskap i moderne India og Nepal som dekker halvparten av den indiske delstaten Bihar og sørlege delar av Nepal. Det viktigaste språket i området er maithili.

Mithila er kjent som namnet på hovudstaden i Videhariket, heimstaden til Sita i hinduverket Ramayana. Noverande Janakpur, største byen i noverande Mithila, er rekna som denne byen. Mithila-området er også assosiert med Buddha og Mahavira, grunnleggjarane av buddhismen og djainismen, som begge skal ha blitt fødd her. Området er kjent over heile India for folkekunstforma madhubani, også kalla mithilakunst, som blir laga her.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mithila ligg nær nordgrensa av Bihal og sør i Nepal, med elvane Kosi i vest og Gandak i aust som omtrentlege grenser. Heile området ligg nord på Gangessletta. Viktige byar i Mithila er Janakpur, Rajbiraj og Biratnagar i Nepal og Darbhanga, Madhubani, Sitamarhi, Samastipur, Purnia , Supaul, Madhepura, Champaran, Muzaffarpur, Munger, Samastipur, Begusarai og Saharasa i India.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Mithila er tørt og kjølig for dette området. Sommartemperaturane ligg rundt 35-45° C medan vintertemperaturane er rundt 5-15° C. Monsunregn fører til årlege flaumar som gjer store øydeleggingar og skapar problem for dei som bur her.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk er den viktigaste næringa i regionen, med ris, kveite, mais, belgfrukter som mung, svarte linser og dueerter, og jute.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]