Ray Collins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ray Collins
Fødd19. november 1936
FødestadPomona i California i USA
Død24. desember 2012 (76 år)
DødsstadClaremont i California
OpphavUSA
SjangerRock, rock and roll, doo-wop
Tilknytte artistarFrank Zappa, Mothers of Invention
Verka somMusikar

Ray Collins (19. november 193624. desember 2012) var ein amerikansk musikar.

Collins voks opp i Pomona i California og song i skulekoret sitt. Han slutta vidaregåande skule for å gifte seg.[1]

Collins starta musikkarrieren sin med å synge falsett korvokal for forskjellige doo-wop-grupper i Los Angeles-området seint i 1950-åra og tidleg i 1960-åra,[1] mellom andre Little Julian Herrera and the Tigers. I 1964 danna Collins, trommeslagaren Jimmy Carl Black, bassist Roy Estrada, saksofonisten Dave Coronado og gitaristen Ray Hunt The Soul Giants. Hunt vart etter kvart erstatta av Frank Zappa, og gruppa utvikla seg til Mothers of Invention.[1] Collins var solovokalist på dei tidlege albuma deira, som Freak Out!, Absolutely Free og Cruising with Ruben & the Jets. I 1968 slutta Collins i The Mothers of Invention, men vart med på forskjellige Zappa-prosjekt utover 1970-åra. [1]

Collins budde i Claremont i California fram til han døydde julaftan 2012, 76 år gammal.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Allen, David (30. mai 2009). «Please greet Ray Collins, Claremont's own Mother». Inland Valley Daily Bulletin. Henta 17. mai 2014. 
  2. Morris, Christopher, «Rocker Ray Collins dies at 73", Variety, Dec. 25, 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]