Roy Estrada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roy Estrada
Roy-Estrada 2006.jpg
Estrada spelar bassgitar 2006
Fødd17. april 1943 (76 år)
FødestadSanta Ana i California
USA
AliasRoy Ralph Moleman Guacamole Guadalupe Hidalgo Estrada og Orejón
OpphavUSA
Aktiv1964-1994
2000-2012
SjangerRock and roll, R&B, funkrock, Doo wop eksperimentell rock, jazzfusion
InstrumentBassgitar, korvokal
Tilknytte artistarLittle Feat, Frank Zappa, Mothers of Invention, Captain Beefheart, Lowell George
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent, skodespelar, convicted & incarcerated felon

Roy Estrada (fødd 17. april 1943), òg kjend som «Roy Ralph Moleman Guacamole Guadalupe Hidalgo Estrada» og «Orejón», er ein amerikansk musikar og korvokalist, mest kjend som bassgitarist med Frank Zappa og for å ha vore med å starte Little Feat, der han spelte på dei to første albuma.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Med trommeslagaren Jimmy Carl Black og Ray Collins var Estrada det første medlemet i Frank Zappa sitt Mothers of Invention.

Tidlegare hadde Estrada fronta eit band kalla Roy Estrada and the Rocketeers. Gruppa gav ut minst ein singel på King-etiketten, «Jungle Dreams (Part 1)» med «Jungle Dreams (Part 2)» på andre sida.

I tillegg til å arbeide med Zappa var Estrada med å danne Little Feat med Lowell George i 1969, og spelte på dei to første albuma deira før han slutta i 1972 for å bli med i Captain Beefheart's Magic Band,[1] der han fekk kallenamnet Orejón ('store øyre'). Han spelte òg bass for Zappa i 1976 i turnebandet på Zoot Allures-turneen. Og han song og var skodespelar i Zappa-filmen Baby Snakes frå 1979. Han song òg på Zappa-albuma You Are What You Is, Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch og The Man from Utopia.

Grande Mothers[endre | endre wikiteksten]

I 2002 slo Estrada seg saman med tidlegare bandkollega Don Preston og Napoleon Murphy Brock, og gitaristen Ken Rosser og trommeslagaren/perkusjonist Christopher Garcia, for å danne «The Grande Mothers», som spelte musikken til Zappa.

Fengsel[endre | endre wikiteksten]

Estrada vart dømd for valdtekt av eit barn den 27. oktober 1977.[2] Han var seks år i fengsel då han vart dømt for utukt med eit barn i Orange County i California i desember 1994. I januar 2012 vart han igjen dømd for utukt med barn med ein dom på 25 år i fengsel.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barnes, Mike (2000). Captain Beefheart. Quartet. s. 164. ISBN 0-7043-8073-0. 
  2. homefacts.com Roy Ralph Estrada
  3. http://www.nme.com/news/frank-zappa/62252 Estrada sentenced

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]