Freak Out!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Freak Out!
Studioalbum av The Mothers of Invention
Språk engelsk
Utgjeve 27. juni 1966
Innspelt 8–12. mars 1966 ved Sunset-Highland Studios i TTG
Sjanger Eksperimentell, komedierock, rhythm and blues, avantgarde, doo-wop, symfonisk rock, dialog, psykedelisk rock
Lengd 60:55
Selskap Verve
Produsent Tom Wilson
Frank Zappa-kronologi 
Freak Out! Absolutely Free
(1967)
Singlar frå Freak Out!
  1. «How Could I Be Such A Fool?»
    Utgjeve: 1966
  2. «Trouble Comin' Every Day/Who Are the Brain Police?»
    Utgjeve: 1966
  3. «Motherly Love»
    Utgjeve: 1968

Freak Out! er debutalbumet til det amerikanske bandet The Mothers of Invention. Det kom ut 27. juni 1966 på Verve Records. Albumet vert ofte omtalt som det første konseptalbumet og omhandlar ved hjelp av satire korleis frontmannen Frank Zappa oppfatta amerikansk popkultur. Det var òg eit av tidlegaste dobbeltalbuma i rocken (Bob Dylan sitt Blonde on Blonde kom ut ei veke før) og den første doble debutplata. I Storbritannia vart plata opphavleg gjeven ut som eit enkeltalbum.

Albumet vart produsert av Tom Wilson, som signerte The Mothers, eit tidlegare pub-band kalla the Soul Giants. Zappa sa mange år seinare at Wilson signerte gruppa i den tru at dei var eit kvitt bluesband.[1][2] Musikarane som spelar på albumet er Ray Collins, i lag med bassist Roy Estrada, trommeslagaren Jimmy Carl Black og gitaristen Elliot Ingber, som seinare vart med i Captain Beefheart sitt Magic Band med namnet Winged Eel Fingerling.[3][4]

Det opphavlege repertoaret til bandet bestod av andre sine rhythm and blues-songar, men då Zappa kom med i bandet oppfordra han dei til å spele sine eigne songar, og namnet vart endra til The Mothers.[5] Musikalsk inneheld Freak Out! rhythm and blues, doo-wop[6] og standard bluesaktig rock med orkesterarragnement og avantgarde lydmontasjar. Sjølv om albumet først vart dårleg motteke i USA, vart det ein suksess i Europa. Det fekk kultstatus i Amerika, der det selde forholdsvis godt til det gjekk ut av opplag tidleg i 1970-åra.

I 1999 vart det æra med ein Grammy Hall of Fame Award,[7] og i 2003 sette Rolling Stone albumet på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene..[8] I 2006 kom The MOFO Project/Object, ein lyddokumentar om korleis albumet kom til, i høve 40-årsjubileet.[9][10]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1960-åra møtte Zappa Ray Collins. Collins arbeidde som snikkar og i helgene song han i ei gruppe som kalla seg the Soul Giants. Collins hamna i ein krangel med gitaristen, som slutta, og bandet trengde ein ny. Zappa steppa då inn.[1][11] The Soul Giants spelte opphavleg andre sine R&B-songar, men då Zappa kom inn i bandet oppfordra han dei til å spele sine eigne songar og prøve på å få ein platekontrakt.[5] Sjølv om dei fleste i bandet likte ideen, følte den dåverande saksofonisten Davy Coronado at dei ville miste spelejobbar om dei spelte eigne songar, og slutta derfor i bandet.[1][2] The Soul Giants vart The Mothers, og Zappa tok over leiinga i bandet.[1]

Gruppa flytta til Los Angeles tidleg i 1965 etter at Zappa skaffa dei ein kontrakt med Herb Cohen som var manageren deira. Dei fekk faste spelejobbar langs Sunset Strip. MGM-produsenten Tom Wilson tilbaud bandet platekontrakt på etiketten Verve Records tidleg i 1966. Han hadde høyrt om bandet, men berre sett dei spele ein song, «Trouble Every Day», som handla om Watts-opprøra.[11] I følgje Zappa gjorde dette at Wilson trudde dei var eit «kvitt bluesband».[1][2] Gruppa signerte kontrakten sin den 1. mars 1966 og byrja raskt arbeidet med det første albumet. Dette ville ha gjort dei til ein del av den «kvite bluesband»-trenden som starta i 1965 med debuten til The Paul Butterfield Blues Band frå Chicago og debutplata til Blues Project frå New York City i 1966.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Dei første to songane som vart spelt inn for albumet var «Any Way The Wind Blows» og «Who Are the Brain Police?»[1][11] Då Tom Wilson høyrte sistnemnte forstod han at The Mothers ikkje var eit reint bluesband. I The Real Frank Zappa Book skreiv Zappa: «Eg kunne sjå gjennom vindauget at han kasta seg på telefonen til sjefen og truleg sa: 'Vel, hm, ikkje akkurat eit kvitt bluesband, men...eit slags.'»[1] I ein artikkel frå 1968 skriven for magasinet Hit Parader skreiv Zappa at då Wilson høyrte desse songane «var han så imponert at han heiv seg på telefonen og ringte til New York, og på grunn av det fekk eg meir eller mindre eit uavgrensa budsjett tli å gjere dette uhyret».[11] Freak Out! er eit av dei første konseptalbuma som vart laga. Det er ein spottande farse om rocken og Amerika. «Alle songane på albumet var om noko», skreiv Zappa i The Real Frank Zappa Book. «Det var ikkje slik at me hadde ein hitsingel og trengte å bygge noko rundt denne. Kvar melodi hadde ein funksjon i eit større satirisk konsept».[1]

« Om du grafisk sett analyserer dei forskjellige retningane alle songane tar på Freak Out!, er det litt av noko for kven som helst. Det finst minst eitt stykke som er retta mot ei samfunnsorientering i vår forbrukargruppe, som er frå seks til åtti. Fordi me har folk som likar det me gjer, frå seks år gamle barn som skrik at me skal spele «Wowie Zowie.» Eg møtte desse direktørane som seier 'Guten min har den plata og 'Wowie Zowie' er favorittsongen deira».[12] »

Albumet vart innspelt i TTG Studios på hjørnet mellom Sunset og Highland i Hollywood i California, mellom 9. og 12. mars 1966.[13] Somme songar, som «Motherly Love» og «I Ain't Got No Heart» var alt spelt inn før innspelinga av Freak Out!. Desse tidlege innspelingane, som vart laga kring 1965,[13] vart ikkje offisielt gjeve ut før 2004, då dei var med på det posthume Zappa-albumet Joe's Corsage. Ein tidleg versjon av songen «Any Way The Wind Blows», innspelt i 1963,[14] finst på ei anna posthum utgjeving, The Lost Episodes. Songen vart skriven då Zappa vurderte å skilje seg frå den første kona Kay Sherman.[14][15] På plateomslaget til Freak Out! skreiv Zappa «Om eg aldri hadde skild meg, så hadde aldri dette stykket med trivielt visvas aldri blitt innspelt».[15]

Tom Wilson vart meir entusiastisk etter kvart som innspelinga heldt fram. Halvvegs ut i innspelinga sa Zappa til han: «eg skulle gjerne ha lånt perkusjonsutstyr til ein verdi av $500 for ei innspeling som startar midnatt på fredag, og eg ønskjer å hente inn alle freakane frå Sunset Boulevard inn i studio og gjere noko spesielt..» Wilson gjekk med på dette. Dette utarta seg til å bli «The Return of the Son of Monster Magnet».[1] I eit radiointervju frå 1967 (posthumt gjeve ut i 2006 på albumet MOFO), kan ein høyre Zappa klage seg over at versjonen av «Monster Magnet» som kom ut på Freak Out! i røynda var eit uferdig stykke. Perkusjonssporet var meint å danne grunnlaget for eit endå meir komplekst stykke, men MGM nekta dei meir studiotid til å gjere komposisjonen ferdig, og han vart gjeven ut som han var (til Zappa si store misnøye).[15][16]

Zappa fann seinare ut at medan stykket vart spelt inn, hadde Wilson teke LSD. «Eg har prøvt å forstille meg kva [Wilson] må ha tenkt», fortel Zappa, «der han sat i kontrollrommet, og høyrte på all denne rare driten som kom ut av høgtalarane, og samtidig hadde ansvar for å seie til lydteknikaren, Ami Hadani (som ikkje var på syre), kva han skulle gjere».[1]Freak Out! vart redigert og forma til eit album, hadde Wilson brukt $25–35 000 av MGM sine pengar.[1] I magasinet Hit Parader skreiv Zappa at «Wilson stakk hovudet ut. Han risikerte jobben sin ved å produsere dette albumet. MGM følte at dei hadde brukt nok pengar på dette albumet».[11]

Selskapet kravde at to linjer måtte fjernast frå «It Can't Happen Here»-delen av «Help, I'm a Rock», (ein song dedisert til Elvis Presley)[15][17] då begge MGM-sjefane tolka dei slik at dei var dopreferansar. Men selskapet hadde ingen innvendingar mot, eller hadde merka seg, at Zappa ropte ut ordet «fuck» (spelt av med høg snøggleik) etter at han hadde slått til fingeren sin,[18] 11 minuttar og 36 sekundar ut i «The Return of the Son of Monster Magnet». På CD-utgåva frå 1995 av albumet var, «Help, I'm a Rock» og «It Can't Happen Here» indeksert som forskjellige spor, og det same vart «It Can't Happen Here» på samleplata Mothermania frå 1969.[19]

MGM fortalte òg Zappa at bandet måtte endre namnet sitt, fordi dei hevda at ingen på radio ville spele ei plate av ei gruppe som kalla seg «The Mothers».[1][20]

« ...på den tida var det slik at, du veit, om du var ein god musikar, så var du ein motherfucker, og Mothers var ei forkorting for ei samling av motherfuckers. Og det var faktisk på ein måte dumdristig å kalle eit band det, fordi me var ikkje gode musikarar, me var...etter pub-band-standarden på den tida var me lysår framfor konkurrentane våre, men i høve til verkeleg musikkunnskap, trur eg me kan seie at me var der nede i sumpa.[2] »

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Freak Out! kom ut 27. juni 1966 og bandnamnet var endra til The Mothers of Invention, eit namn Zappa valde føre det opphavlege forslaget til MGM, som var «The Mothers Auxiliary».[21] På baksida av plateomslaget stod det eit «brev» frå ein fiktiv karakter Zappa hadde skapt, Suzy Creamcheese (som er med på sjølve albumet), og i brevet stod det:

« Desse mødrene er sprø. Det kan du sjå på kleda deira. Ein kar går med perlehalsband og dei luktar vondt. Me skulle ha dei til å spele opp til dans etter ein basketballkamp, men bestekompisen min åtvara meg om at me aldri kunne vite kor mange som kom til å møte opp... av og til møter ikkje karen i pelskåpe opp og stundom møter han opp, men har meg seg ein heil gjeng galne folk som dansar over alt. Ingen på skulen min likar desse mødrene... særleg etter at læraren min fortalte meg kva teksten i songane deira tydde. Sincerely forever, Suzy Creamcheese, Salt Lake City, Utah.[22] »

Fordi teksten vart trykt med ein skrifttype som likna ein skrivemaskin, trudde somme at Suzy Creamcheese var verkeleg, og mange lyttarar forventa å sjå ho på konsertane. På grunn av dette vart det avgjort «at det blir best å ha med seg ei Suzy Creamcheese-etterlikning som ein gong for alle kan syne sannferdigheita til eit slikt beist».[23] Fordi den originale stemma til Suzy Creamcheese, Jeannie Vassoir, ikkje kunne, tok Pamela Lee Zarubica over denne rolla.[23]

Tidlege trykk av plata i USA hadde ein vaskesetel for eit «Freak Out Hot Spots!»-kart. Inne i dobbelfalsinga vart den vesle reklamen retta mot folk som kom for å vitje Los Angeles og lista opp kjende restaurantar og klubbar som Canter's og The Whiskey A Go-Go. Reklamen hadde òg informasjon om arrestasjonar. Han sa: «Òg show der det ofte har blitt heitt, med tips om tryggleik i polititerrorsituasjonar». Dei som var interesserte i kartet vart instruerte til å sende $1.00 til MGM Records c/o 1540 Broadway NY. NY. Den falske kart-vaskesetelen var ikkje med på seinare trykkingar av plata og området på omslaget var blankt.[19] Vaskesetelen vart seinare trykt på ny og var med på The MOFO Project/Object, ein lyddokumentar på fire plater om produksjonen av albumet, som vart gjeven ut av Zappa Family Trust i 2006.[9][10]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[24]
The Daily Vault(B)[25]
Los Angeles Times(negativ)[26]
Q5/5 stars[27]
Yahoo! Music(positiv)[28]

Albumet nådde 130. plass på Billboard-lista,[29] men Freak Out! selde heller dårleg og fekk ikkje særleg positiv omtale då det først kom ut i USA.[2] Somme lyttarar var overtydde om at albumet var dopinspirert,[1] og tolka tittelen på albumet som ein dårleg LSD-trip.[30] I The Real Frank Zappa Book siterer Zappa ei negativ melding av albumet av Pete Johnson frå Los Angeles Times, som skreiv:

« Eg går ut frå at du kan kalle det surrealistiske måleri sett til musikk. Misnøgd med berre å spele inn to sider med musikalsk vås, nyttar MOI fire sider til 'kunsten' sin. Om nokon eig dette albumet, kan han kanskje fortelje meg kva i all verda det er som skjer...The Mothers of Invention, ein talentfull, men vridd kvintett, har laga eit album som poetisk vert kalla Freak Out, som kunne ha vore den beste stimuli til aspirinindustrien sidan inntektsskatt.[26] »

Albumet fekk derimot etterkvart kultstatus i USA då MGM/Verve hadde blitt slått saman til avdelinga PolyGram i 1972. På den tida vart mange utgjevingar på MGM/Verve, inkludert Freak Out! sletta tidleg i eit forsøk på å løyse dei økonomiske flokene til selskapet. Zappa hadde alt flytta til sine eigne selskap, Bizarre Records og Straight Records, som vart distribuerte av Warner Bros. Records. Freak Out! gjorde det i starten betre i Europa og påverka raskt mange engelske rockemusikarar.[18] I følgje David Fricke var albumet ei stor inspirasjonskjelde for The BeatlesSgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band.[31] Paul McCartney rekna Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band som The Beatles sitt Freak Out![32] Zappa kritiserte derimot the Beatles, sidan han følte at dei var «berre med for pengane si skuld».[33]

Freak Out! vart æra med ein Grammy Hall of Fame Award i 1999,[7] og rangert på 243. plass på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene i 2003,[8] og teke med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die frå 2006.[34] Albumet vart òg av magasinet Classic Rock' kåra til eit av 50 album som bygde progrock.[35]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnte.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Hungry Freaks, Daddy» 3:32
2.«I Ain't Got No Heart» 2:34
3.«Who Are the Brain Police?» 3:25
4.«Go Cry on Somebody Else's Shoulder[6]»Frank Zappa og Ray Collins3:43
5.«Motherly Love» 2:50
6.«How Could I Be Such a Fool?» 2:16
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Wowie Zowie»2:55
8.«You Didn't Try to Call Me»3:21
9.«Any Way the Wind Blows»2:55
10.«I'm Not Satisfied»2:41
11.«You're Probably Wondering Why I'm Here»3:41
Side tre
Nr.TittelLengd
12.«Trouble Every Day»5:53
13.«Help, I'm a Rock (Suite in Three Movements)
  • I. Okay to Tap Dance
  • II. In Memoriam, Edgar Varèse
  • III. It Can't Happen Here»
8:37
Side fire
Nr.TittelLengd
14.«The Return of the Son of Monster Magnet (Unfinished Ballet in Two Tableaux)
  • I. Ritual Dance of the Child-Killer
  • II. Nullis Pretii (No Commercial Potential)»
12:22
Total lengd:60:55

På CD-utgåva er «Help, I'm a Rock» delt inn i to spor: «Help, I'm a Rock» (4:43) og «It Can't Happen Here» (3:57)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Mothers of Invention
The Mothers' Auxilary
Produksjon
  • Produsent: Tom Wilson
  • Teknisk direktør: Val Valentin
  • Lydteknikarar: Ami, Tom, Val Valentin
  • Assistent: Eugene Dinovi, Neil Levang, Vito, Ken Watson
  • Musikalsk leiar: Frank Zappa
  • Orkestrering: Frank Zappa
  • Arrrangør: Frank Zappa
  • Plateomslag: Jack Anesh
  • Hårstylist: Ray Collins

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1967 Billboard Pop Albums 130[29]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 Zappa, Frank; Occhiogrosso, Peter (1989). The Real Frank Zappa Book. New York: Poseidon Press. s. 65–80. ISBN 0-671-70572-5. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Leigh, Nigel. Interview with Frank Zappa for BBC Late Show. UMRK, LA. mars, 1993.
  3. «Elliot Ingber info». United Mutations. Henta 16. mai 2014. 
  4. «FZ Musicians & Collaborators H-L: Elliot Ingber (Winged Eel Fingerling)». Information Is Not Knowledge. Henta 16. mai 2014. 
  5. 5,0 5,1 Billy James, Necessity Is . . .: The Early Years of Frank Zappa and the Mothers of Invention, page 23. SAF Publishing Ltd, 2002, ISBN 0946719519. 1. oktober 2002. ISBN 978-0-946719-51-8. Henta 16. mai 2014. 
  6. 6,0 6,1 Gilliland, John (1969). «Show 14 - Big Rock Candy Mountain: Phil Spector & Frank Zappa review the '50s» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  7. 7,0 7,1 «GRAMMY Hall Of Fame Awards». Grammy.com. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 20. mars 2007. 
  8. 8,0 8,1 «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 28. november 2005. Henta 16. mai 2014. 
  9. 9,0 9,1 Zappa, Frank. The MOFO Project/Object. ZR 20004.
  10. 10,0 10,1 «Vinyl Vs. CDs: MoFo: The Making of Freak Out!». The Zappa Patio. Henta 16. mai 2014. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 Zappa, Frank (juni 1968). «The Incredible History Of The Mothers». Hit Parader. Arkivert frå originalen 14. oktober 2007. Henta 16. mai 2014. 
  12. Eisen, Jonathan. The Age of Rock: Sounds of the American Cultural Revolution. Random House Inc. ISBN 0-394-70535-1. 
  13. 13,0 13,1 «FZ chronology: 1965–1969: The Mothers of Invention». Information Is Not Knowledge. Henta 16. mai 2014. 
  14. 14,0 14,1 The Lost Episodes. Liner notes. RCD 40573.
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 Zappa, Frank. Freak Out! Liner notes. V/V6-5005-2.
  16. Zappa, Frank. Radio appearance. WDET, Detroit, MI. november 13, 1967.
  17. Shelton, Robert (desember 25, 1966). «Son of Suzy Creamcheese». The New York Times. Arkivert frå originalen 16. februar 2013. Henta 16. mai 2014. 
  18. 18,0 18,1 Biberfeld, Matty. Interview with Frank Zappa. WRVR, New York City, NY. Summer, 1967.
  19. 19,0 19,1 «Vinyl Vs. CDs: Freak Out!». The Zappa Patio. Henta 16. mai 2014. 
  20. «Interview». Rolling Stone. 1988. Arkivert frå originalen 9. desember 2006. Henta 16. mai 2014. 
  21. Zappa, Frank (Unknown date). «"Pretty Pat» (Interview excerpted on Joe's Corsage, VR 20041)». Henta 16. mai 2014. 
  22. Zappa, Frank. Freak Out! Back cover. V/V6-5005-2.
  23. 23,0 23,1 Zappa, Frank. Interview. KBEY-FM, Kansas City, MO. oktober 22, 1971.
  24. Huey, Steve. «Review: Freak Out!». Allmusic. Henta 16. mai 2014. 
  25. Thelen, Christopher. «Review: Freak Out!». Daily Vault. Henta 16. mai 2014. 
  26. 26,0 26,1 Johnson, Pete (10. juli 1966). «Popular Record: Pass Aspirin, Please». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 5. november 2012. Henta 16. mai 2014. 
  27. «Review: Freak Out!». Q (august 1995): 150–151. 
  28. Walls, Richard C. «Review: Freak Out!». Yahoo! Music. Arkivert frå originalen 1. januar 2013. Henta 16. mai 2014. 
  29. 29,0 29,1 «Chart & Awards for Freak Out!». Allmusic. Henta 16. mai 2014. 
  30. Zappa, Frank. Interview. Mixed Media, Detroit, MI november 13, 1967.
  31. Fricke, David (2006). Plateomslagstekst for The MOFO Project/Object. Zappa Records.
  32. MacDonald, Iain (1994). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties, s. 171.
  33. Fricke, David (2008). Plateomslagstekst for Lumpy Money. Zappa Records.
  34. Robert Dimery, red. (2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Universe. ISBN 0-7893-1371-5. 
  35. Classic Rock magazine, juli 2010, Issue 146.