Ray Houghton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ray Houghton


Statsborgarskap Irland, Storbritannia
Fødd 9. januar 1962 (62 år)
Glasgow
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1994, VM i fotball 1990, EM i fotball 1988

Raymond James Houghton (fødd 9. januar 1962) er ein britisk-irsk tidlegare fotballspelar frå Glasgow. Han var midtbanespelar, særleg kjend for sine fem sesongar i Liverpool FC og mange år som landslagsspelar for Irland.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Houghton spelte frå 1982 til -85 for andredivisjonslaget Fulham FC. I september 1985 vart han overført til fyrstedivisjonsklubben Oxford United, der han 20. april 1986 var sterkt delaktig i klubbens største triumf til dato. Framom 90 396 tilskodarar på Wembley stadion sigra Oxford med 3–0 over Queens Park Rangers i ligacupfinalen, Houghton skåra sjølv det andre målet.

Sommaren 1987 vart løpssterke Houghton overført til Liverpool FC, mot 825 000 engelske pund. Gjennom fem sesongar i Liverpool var han med om å vinne ligaen og FA-cupen to gongar kvar. Perioden 1992-99 gjorde han teneste tre sesongar i Aston Villa, to sesongar i Crystal Palace FC og like lenge i Reading FC.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Houghton debuterte på Irlands landslag i Dublin 26. mars 1986 og spelte sin 73. og siste landskamp i Brussel 15. november 1997. Begge dei kampane enda med irsk tap, den siste var ein avgjerande kamp om plass i VM i fotball 1998. Under Fotball-EM 1988 i Tyskland skåra Houghton det einaste målet i gruppespel-kampen mot England. Elles deltok han i to verdsmeisterskap, i Italia-VM 1990 tapte Irland mot arrangørlandet i kvartfinalen. Fire år seinare møttest Irland og Italia i USA-VM 1994, då til kamp i gruppespelet. I den kampen vann Irland 1–0 etter skåring av Houghton. Begge laga gjekk vidare på målskilnad, Noreg under Egil Olsen rauk ut.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Ligameister: 1988 og 1990 for Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 1989 og 1992 for Liverpool FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1986 for Oxford FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]