Ronnie Whelan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ronnie Whelan


Statsborgarskap Irland
Fødd 25. september 1961 (62 år)
Dublin
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1994, VM i fotball 1990, EM i fotball 1988

Ronald Andrew Whelan, kjend som Ronnie Whelan, (fødd 25. september 1961) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Dublin. Han vann i tida 1982-90 meir enn eit titals trofe med Liverpool FC, mellom andre Europacupfinalen 1984.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Whelan var aktiv på det irske nivå 2-laget Home Farm frå hausten 1977. I september 1979 skreiv han kontrakt med det engelske storlaget Liverpool FC, men fekk ikkje sin ligadebut før april 1981. Dei neste ni sesongane fram til 1990 var han eit fast innslag på midtbana til Liverpool, vanlegvis på venstrekanten. Fram til 1990 var han med om å vinne den engelsk ligaen seks gongar, ligacupen tre gongar og FA-cupen to gongar. Whelan var på plass i begge europacupfinalane 1984 og 1985, både då det vart siger over AS Roma etter straffesparktevling i 1984, og i den berykta finalenHeysel-stadion i Brussel 29. mai 1985, der Liverpool tapte 0-1 mot Juventus og 39 tilskodarar vart drepne. Siste fire sesongane i Liverpool-drakt sat Whelan oftast ubrukt på reservebenken.

Whelan var spelande trenar i Southend United i 1994-95 og trenar til han vart oppsagt etter nedrykk til nivå 3 i 1997.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Whelan deltok i 53 landskampar i tida frå 1981 til 1995. Han spelte alle Irlands tre kampar då landslaget var med i EM i fotball 1988 i Tyskland, ei turnering der han sende Irland i føringa i då Irland og Sovjetunionen spelte uavgjort 1-1. Whelan skåra to fleire landslagsmål, eitt i 1987 og eitt i 1989.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europacupen 1984 med Liverpool
  • Ligameister: 1982, 1983, 1984, 1986, 1988 og 1990 med Liverpool
  • Vinnar av FA-cupen: 1986 og 1989 med Liverpool
  • Vinnar av ligacupen: 1982, 1983 og 1984 med Liverpool

Kjelder[endre | endre wikiteksten]