Hopp til innhald

Fotball-EM 1988

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå EM i fotball 1988)
Deltakarlanda i fotball-EM 1988
Vesttysk frimerke i høve EM 1988

Europameisterskapen i fotball 1988 var den åttande europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen vart avvikla i Vest-Tyskland i tida 10. til 25. juni 1988. Nederland vann meisterskapen etter finalesiger 2-0 over Sovjetunionen på Olympiastadion i München. Dei 15 kampane vart fordelt på åtte byar; München, Stuttgart, Frankfurt am Main, Köln, Düsseldorf, Gelsenkirchen, Hannover og Hamburg.

Omframt vertsnasjonen, som fekk friplass, hadde Danmark, England, Irland, Italia, Nederland, Sovjetunionen og Spania kvalifisert seg til sluttspelet. 32 land deltok i kvalifiseringa, fordelt på sju grupper, som gjekk av stabelen i tida frå september 1986 til desember 1987.

Dei åtte deltakarlanda i sluttspelet var fordelt i to like store grupper. Vinnarane i gruppene møtte så toarane i dei motsvarande gruppene til semifinalar. Semifinalevinnarane gjekk deretter til finale. Bronsefinale vart ikkje spelt.

I den fyrste semifinalen møttest gruppevinnar Vest-Tyskland og Nederland, ein kamp der Marco van Basten vart matchvinnar då han la på til 2-1 for Nederland i det 88. minutt. Dagen etter vann den andre gruppevinnaren, Sovjetunionen, 2-0 over Italia.

Marco van Basten vart toppskårar i meisterskapen med fem mål.

Gruppespelet

[endre | endre wikiteksten]
#LagKSUTMål±P
1Flagget til Tyskland Tyskland32105 235
2Flagget til Italia Italia32104 225
3Flagget til Spania Spania31023 5−22
4Flagget til Danmark Danmark30032 7−50
#LagKSUTMål±P
1Det sovjetiske flagget Sovjetunionen32105 235
2Det nederlandske flagget Nederland32014 224
3Det irske flagget Irland31112 203 ¨
4Flagget til England England30032 7−50
Lagoppstillingane til EM-finalen 1988

Finalemotstandarane hadde møtst i gruppespelet, ein kamp Sovjetunionen vann 1-0. Finalen på Olympiastadion i München den 25. juni, med 72 308 til stades på tribunane, enda derimot med at Nederland vann 2-0 og tok landslagets fyrste internasjonale triumf. Lagkaptein Ruud Gullit gav nederlendarane leiinga i det 32. minutt, og Marco van Basten avgjorde kampen åtte minuttar ut i andre omgang på eit nær legendarisk volleymål.

Nederland sitt meisterlag bestod av Hans van Breukelen, Berry van Aerle, Frank Rijkaard, Ronald Koeman, Adri van Tiggelen, Gerald Vanenburg, Jan Wouters, Arnold Mühren, Erwin Koeman, Marco van Basten og Ruud Gullit.

Sovjetunionen mønstra Rinat Dasajev (kaptein), Anatolij Demjanenko, Sergej Alejnikov, Vagiz Khidijatulin, Vasilij Rats, Hennadij Litovsjenko, Aleksandr Zavarov, Aleksej Mikhailitsjenko, Sergej Gotsmanov, Igor Belanov og Oleh Protasov. Midtvegs i den andre omgangen vart fyrst Gotsmanov og straks etter Protasov bytta ut, inn kom høvesvis Sergej Baltasja og Viktor Pasulko. }