Reiar Nilsson Leir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reiar Nilsson Leir
Fødd13. oktober 1826
Krødsherad
Død22. februar 1900
Krødsherad
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde

Reiar Nilsson Leir (Reiar Nilsen Leer) (13. oktober 182622. februar 1900) var ein norsk gardbrukar, ordførar, bankmann og stortingsmann frå Krødsherad i Buskerud.

Leir var på garden Bjørkerud i Krødsherad. Faren var gardbrukar og lensmann. Sjølv tok han over garden Bjørkerud, men flytta i 1868 til slektsgarden Leir og dreiv denne. Han var kjend som ein flink skogmann. Leir var medlem av Sigdal heradsstyre, ordførar i fleire år. Elles var han forlikskommissær 1886-97 og sparebankkasserar i 20 år.

Leir representerte Buskeruds amtStortinget frå 1877 til 1888. I alle år var han medlem av konstitusjonskomiteen og frå 1883 også av Lagtinget. I 1883-84 var han medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet.

Leir døydde på garden sin i Krødsherad i 1900.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]