Ferie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Ferie er fleire fridagar etter kvarandre. Ordet blir au bruka om ferieopphald eller feriereise.

Ordbakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ordet ferie kjem opphavleg frå det latinske fleirtalsordet feriae som var religiøse festdagar da ein ikkje dreiv handel og forretningar. Ordet visa seinare til ein periode da undervising og rettsmøte tok slutt. Ferie kom som eit framandord på norsk på slutten av 1800-talet.

Ferie kan bli omsett med holiday («heilagdag») på britisk-engelsk og vacation («ledigheit») på anglo-amerikansk.

Ferie i arbeidslivet[endre | endre wikiteksten]

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er ferie for lønnsmottakarar regulert av ferieloven. Ferieloven sikrar alle arbeidstakarar 25 virkedagar ferie kvart år. Med virkedagar meiner ein au laurdagar. 25 feriedagar svarar derfor til fire veker pluss éin dags ferie kvart kalenderår. Tariffoppgjeret i 2000/2001 gav mange grupper ei femte ferieveke, men denne ekstra ferien er ikkje ein del av ferieloven, og det er eit lokalt spørsmål ved kvar enkelt arbeidsplass om dei tilsette har ei ekstra veke fri. For arbeidstakarar som har fylt 60 år er det imildertid ei ekstra ferieveke kvart år, tilsaman minimum 31 dagar ferie.

Feriepengar skal bli rekna ut med 10,2 % av arbeidsvederlag som er utbetalt i året før ferien blir tatt, uansett varighet av arbeidstilhøvet. For arbeidstakarar over 60 år er utgjer feriepengane 12,5 % av lønna.

I utlandet[endre | endre wikiteksten]

Oversynet under viser minimum lovfesta ferietid i forskjellige land og byggjer delvis på eit oversyn utarbeida av konsulentfirmaet Mercer i 2007 [1]. Lønnsmottakarar i Finland har lengst ferie med 30 dagar betalt ferie og opp til 14 lønna høgtidsdagar i året. Au i Frankrike og Dei sameinte arabiske emirata er 30 dagar minimum. Minst ferie er det i fylgje Mercer på Filippinane, der arbeidstakarane har krav på berre fem dagars ferie i løpet av året.

Land Minimum feriedagar med lønn Høgtidsdagar med lønn Totalt Kommentar
Argentina 14-35 14 kalenderdagar for arbeidstakarar med 0-5 års ansiennitet, 21 kalenderdagar frå 5-10 år, 28 kalenderdagar frå 10-20 år og 35 kalenderdagar frå 20 år.
Austerrike 25 13 38 For eldre arbeidstakarar er det 42 dagar løna ferie i året.
Australia 20 11 (gjennomsnitt) 31 Frå 27. mars 2006 er det 20 dagar (fire veker) ferie derav to veker kan «bli seld» til arbeidsgivaren. I tillegg er også eldre arbeidtakarar Long service leave løna.
Bahamas 14-21 14 dagar etter eitt års tilsetting, 21 dagar etter fem års tilsetting
Belgia 20 10 30
Brasil 30 30 samanhengande dagar, derav ti kan «bli seld» tilbake til arbeidsgivaren
Bulgaria min. 20 arbeidsdagar
Canada 10 10 (gjennomsnitt) 20 ti arbeidsdagar, bestemt av lovar på provinsnivå
Chile 15 virkedagar
Colombia 14 dagar
Costa Rica 14 dagar To veker etter eitt års tilsetting
Danmark 25 10 35 Seks veker, derav fem dagar som kan bli «selt» tilbake til arbeidsgivaren («omsorgsdagar»)
Dei sameinte arabiske emiratane 30 9 39
EU 28 Meir i enkelte land
Ecuador 14 dagar
Filippinane 5 14 19
Finland 30 14 44
Frankrike 30 10 40 5 veker [2] pluss 2 veker med RTT («Reduction du Temps de Travail», «reduksjon av arbeidstid») avhengig av arbeidsavtalen)
Hellas 25 12 37 20 arbeidsdagar eller meir avhengig av år i firmaet
Hong Kong Sju dagar
Irland 20 dagar Pluss ni offentlege høgtidsdagar
Israel 14 dagar
Italia 20 11 31 20-30 dagar pluss elleve offentlege høgtidsdagar
Japan 18 18 dagar betalt fri (inkludert sjukefråvær). Offisielt fem veker (som ein reaksjon på karoshi-problemet, utbrenthet, i japansk arbeidsliv)
Kina Ikkje påkrevd
Kroatia 18 virkedagar
Latvia 28
Mexico 7
Nederland 20 8 28 Fire veker
Ny Zealand 28 Frå 1. april 2007
Noreg 25 11 36 25 virkedagar (inkludert laurdagar)
Paraguay 14 dagar
Peru 14 dagar
Polen 26 10 36 20 arbeidsdagar, 26 arbeidsdagar etter ti års tilsetting
Portugal 22 arbeidsdagar Opptil 25 dagar viss det ikkje har vore fråvær året før
Puerto Rico 15 dagar
Romania min. 20 virkedagar
Saudi-Arabia 15 dagar
Singapore 7
Sør-Afrika 21 samanhengande dagar
Spania 22 14 36
Storbritannia 20 8 28 20 kalenderdagar pluss 8 «bank holidays» (britiske og irske heilagdagar, opphavleg da bankane heldt stengt)
Sverige 25 11 36 25-32 virkedagar avhengig av alder
Sveits 28 kalenderdagar 28 kalenderdagar = 20 virkedagar
Sør-Korea Ti virkedagar
Taiwan Sju dagar
Tsjekkia Fire veker
Tyrkia Tolv virkedagar
Tyskland 24 10 34 Fire veker , det vil si 24 arbeidsdagar medrekna laurdag (sjølv om arbeidsveka er frå måndag tom. fredag) pluss ni til 13 høgtidsdagar
Tunisia 30 virkedagar
Ukraina 24 kalenderdagar
Ungarn 20 arbeidsdagar
Uruguay 14 dagar
USA 15 10 25 Det er ingen føderal lov som pålegg arbeidsgivarar å tilby korkje lønna eller ulønna ferie. Sju til tolv dagar er likevel vanleg for dei fleste arbeidstakarane, til dømes ti virkedagar med åtte national holidays. Tilsette i det amerikanske forsvaret opparbeidar 2,5 dagar kvar måned, til saman 30 feriedagar i året, ikkje medrekna national holidays [3]
Venezuela 15 dagar 15 dagar med lønn
Vietnam 14 8 22

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Her får du mest ferie-artikkel i Aftenposten 19.06.2007
  2. Amerikanske og franske feriebestemmingar (på engelsk)
  3. No-Vacation Nation (på engelsk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]