Rekviem av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rekviem
K. 626
Messe av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerKormusikk
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1791
Typisk lengd51:20
Satsar/akter14
Toneartd-moll
Framsida signert av Mozart

Rekviem i d-moll (K. 626) av Wolfgang Amadeus Mozart vart komponert i Wien i 1791 og ikkje gjort ferdig før han døydde den 5. desember det året. Verket vart skriven ferdig av Franz Xaver Süssmayr og gjeven til grev Franz von Walsegg, som hadde bestilt stykket anonymt etter at kona hans døydde den 14. februar.

Det er eitt av dei mest myteomspunne musikkverka gjennom tidene, hovudsakleg på grunn av dei mange mytane og kontroversane kring det, særleg omkring kor mykje av stykket som var ferdig før Mozart døydde. Det signerte manuskriptet syner kva som faktisk var ferdig, men ein kjenner ikkje til kor mykje Süssmayr kan ha nytta seg av no tapte utkast for resten. Han hevda sjølv at han skreiv Sanctus og Agnus Dei. Walsegg hadde truleg tenkt å spreie rekviemet som sin eigen komposisjon, som han hadde gjort med andre verk, men dette vart forpurra då enka etter Mozart, Constanze, fekk verket framført offentleg. Skodespelet og filmen Amadeus medverka til myta omkring rekviemet, då bodbringaren til bestillaren var ein maskert Antonio Salieri som ønskte å kalle verket sitt eige.

Rekviemet er skriven for to bassetthorn i F, to fagottar, to trompetar i D, tre trombonear (alt, tenor & bass), pauker (to trommer), fiolinar, bratsj og basso continuo (cello, kontrabass og orgel). Vokalen bestod av sopran-, kontralt-, tenor- og bass-solistar og eit blanda kor.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Sussmayr-versjonen av rekviemet er delt inn i fjorten satsar:

Takt 1–5 av Lacrimosa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rekviem av Mozart