Rodopifjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rhodopifjella)
Landskap i Rodopifjella nær landsbyen Hvojna
Utsyn frå Belintasj mot landsbyen Vrata

Rodopifjella (bulgarsk Родопи, vanlegvis skrive med bestemt artikkel: Родопите, Rodopite, og stundom Родопа, Rodopa eller Родопа планина, Rodopa planina; gresk Ροδόπη, Rodópi) er ei fjellkjede i Søraust-Europa. Over 83 % av fjellkjeda ligg i sørlege delar av Bulgaria, medan resten ligg i Hellas. Den høgaste toppen Goljam Perelik (2 191 m) er det sjuande høgaste fjellet i Bulgaria. Fjellkjeda består av karstområde med djupe elvegjel, store grotter og utskorne former, slik som Trigrad-gjelet.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Rodopifjella dekkjer eit område på 14 737 km², der 12 233 km² ligg i Bulgaria. Fjellområdet er om lag 220 km langt og 100-120 km breitt, med ei middelhøgd på 785 m. 15 reservat er oppretta i området, som er verna av UNESCO. Det finst fleire mineralkjelder i området, og dei mest kjende ligg i Velingrad og Naretsjen.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Dei vestlege Rodopifjella[endre | endre wikiteksten]

Dei vestlege områda av Rodopifjella utgjer den største delen (66 % av Rodopi i Bulgaria), er høgast, og er den mest vitja delen av fjella med best infratruktur. Dei høgaste og mest kjende fjelltoppane ligg i dette området (meir enn 10 over 2 000 meter), inkludert den høgaste, Goljam Perelik (2 191 m). Av andre fjelltoppar finn ein Sjirokolasjki Snezjnik (2 188 m), Goljam Persenik (2 091 m), Batasjki Snezjnik (2 082 m), Turla (1 800 m).

Nokre av dei djupaste elvegjela ligg i dei vestlege områda, i tillegg til fjellfenomenet Tsjudnite Mostove (Vakre bruer). Av vatn og innsjøar finn ein Tsjaira og demningane Dospat, Batak, Sjiroka Poljana, Goljam Beglik og Tosjkov Tsjark.

Elva Mesta renn gjennom fjella
Trigrad-gjelet

Byen Batak ligg i denne delen av fjella, i tillegg til populære turiststader som Smoljan, Velingrad, Devin, Tsjepelare, vintersportstaden Pamporovo, det austleg ortodokse Batsjkovo kloster, ruinane av ei festning frå Asen-dynastiet, grottene Djavolskoto Garlo, Jagodinska og mange fleire. Den høgastliggande landsbyen i Bulgaria, Manastir (over 1 500 m) ligg ved den nordlege foten til fjellet Prespa.

Dei austlege Rodopifjella[endre | endre wikiteksten]

Dei austlege Rodopifjella dekkjer eit område på om lag 34 % av Rodopi i Bulgaria, og består av lågare fjell.

Dei store kunstige innsjøane Kărdzjali og Studen Kladenets ligg i denne delen av fjella. Området har mange varme mineralkjelder. Vatnet rundt Dzjebel har rykte på seg for å kunne helbrede forskjellige sjukdommar.

Utsyn over dei sørlege Rodopifjella

Store byar i dette området er Khaskovo og Kărdzjali, i tillegg til mindre byar som Momtsjilgrad, Krumovgrad, Zlatograd og Kirkovo. Dei austlege Rodopifjella, som er er mykje lågare, er òg meir folkesett enn dei vestlege delane.

Dei sørlege Rodopifjella[endre | endre wikiteksten]

Dei sørlege Rodopifjella er delen av fjellkjeda som ligg i Hellas. Periferieininga Rodópi i den nordaustlege delen av landet er kalla opp etter denne fjellkjeda.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Rodopifjella ligg søraust på Balkan, og dette påverkar klimaet i området i stor grad. Fjellkjeda vert både påverka av kaldare luft frå nord, samt varmare vindar frå Middelhavet.

Den årlege middeltemperaturen i dei austlege delane av Rodopifjella er 12-13 °C, med mest nedbør i desember, og minst i august. I vestlege område varierer temperaturen med 5 til 9 °C, og sommaren er den våtaste tida på året.

Det milde klimaet, kombinert med andre faktorar, gjev gode forhold for avkopling og turisme. Feriestaden Pamporovo, der mikroklima gjev djupt snødekke over lengre periodar, er eit godt døme.

Ei kyrkje i Batak

Temperaturar rundt −15 °C er vanleg om vinteren, og på grunn av dette er Rodopifjella dei sørlegaste områda på Balkan med tresortar som norsk gran og hengebjørk.

Folk[endre | endre wikiteksten]

Det tynt folkesette området i Rodopifjella har hatt eit etnisk og religiøst mangfald i fleire hundreår. Bortsett frå dei ortodokse bulgararane og grekarane, bur det mange muslimske folkegrupper her, inkludert muslimske bulgararar, kalla pomakar, som dominerer dei vestlege delane, samt ein større del av bulgarske tyrkarar, særleg i aust. I fjella finn ein òg sarakatsaniar, eit ortodoks nomadefolk som ein ikkje er heilt sikker kor kjem frå.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Rodopifjella vert rekna for å vere den mytologiske fødestaden til den legendariske songaren og lyrespelaren Orfeus og kona hans Eurydike. I tillegg har ein funne arkeologiske funn knytte til dyrking av Dionysus, slik som den thrakiske byen Perperikon. I gresk mytologi vart dronning Rhodopi av Thrakia, kona til kong Haemus, omgjort til fjellkjeda av Zevs og Hera som straff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Asdracha, Catherine, La région des Rhodopes aux XIIIe et XIVe siècles: étude de géographie historique, Athen: Verlag der Byzantinisch-Neugriechischen Jahrbücher, 1976, s. 294.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]