Richard Florida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard Florida
Richard Florida - 2006 Out & Equal.jpg
Fødd26. november 1957
Newark
NasjonalitetUSA
Yrkesamfunnsøkonom, universitetslærar, sosiolog
InstitusjonarUniversity of Toronto
George Mason University
Carnegie Mellon University
Alma materColumbia Graduate School of Architecture, Planning and Preservation
Rutgers University
EktefelleRana Florida

Richard L. Florida (fødd 26. november 1957) er ein amerikansk professor som driv med bystudiar (urban studies) og har lagt fram teoriar om ein «kreativ klasse».

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Florida er fødd i Newark i New Jersey i USA og er av italiensk opphav. Han forsvarte doktorgraden sin ved Columbia University i 1986.[1] Etter han var ferdig med doktorgraden var han tilknytt Heinz School of Management ved Carnegie Mellon University fram til 2005. Han var deretter eit par år ved School of Public Policy ved George Mason University. Florida vart professor ved Rotman School of Management ved University of Toronto i 2007.

I 2011 vart han redaktør (Senior Editor) ved The Atlantic etter å ha skrive for TheAtlantic.com i eit år.[2]

Han er i dag busett i Toronto i Canada og Washington DC i USA.[treng kjelde]

Fagområda til Florida er økonomi, statsvitskap, geografi, sosiologi og sosialvitskap med særskild søkelys på byplanlegging.

I The Rise of the Creative Class nemner Richard Florida «dei tre T-ane»: Teknologi, Toleranse og Talent og at alle menneske er kreative. Det er dette som er grunnlaget for økonomisk vekst og utvikling i følgje Florida.

Flordia er ein bestseljande forfattar og har vore rådgjevar for byar og verksemder over heile verda, slik som IBM, BMW, Apple og Microsoft.[treng kjelde]

Florida besøkte først Noreg i 2008, då han heldt foredrag på Citisense 08 i Larvik, ein konferanse om by- og næringsutvikling i framtida. Deretter vitja han i april 2018 konferansen The North West i Ålesund.

Floridas 7 stolpar[endre | endre wikiteksten]

  1. Endre områdeplanar
  2. Endre skattepolitikk
  3. Investere i infrastruktur
  4. Bygge billege utleigebustader i sentrale strøk
  5. Høgne løna til lavtlønte
  6. Ruste opp fattige område
  7. Styrke lokalpolitikken til byane[3]

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • The Rise of the Creative Class and how itś transforming work, leisure, community and everyday life, Basic Books, New York, 2002, ISBN 0-465-02476-9.
  • The Flight of the Creative Class The New Global Competition of Talent by Richard Florida, Harper Business, Harper Collins Publishers, New York, 2005, ISBN 0-06-075690-X.
  • Who's Your City? How the Creative Economy Is Making Where to Live the Most Important Decision of Your Life by Richard Florida, Basic Books, New York, 2008, ISBN 0-465-00352-4.
  • The Great Reset How New Ways of Living and Working Drive Post-Crash Prosperity by Richard Florida, Harper - Harper Collins Publishers, New York, 2010, ISBN 978-0-06-193719-4 (hardcover).
  • The New Urban Crisis How our cities are increasing inequality, deepening segregation, and failing the middle class - and what we can do about it by Richard Florida, Basic Books, New York, 2017, ISBN 970465079742 (hardcover)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «About Richard | Creative Class Group». www.creativeclass.com (på engelsk). Henta 8. desember 2017. 
  2. Joe Pompeo (28. mars 2011). «The Atlantic's 2011 hiring spree begins with Richard Florida». Yahoo.com. 
  3. Sunnmørsposten, laurdag 14. april 2018, s. 2-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]