Riehen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Riehen
Fondation Beyeler.
Fondation Beyeler.
Kommunevåpenet til Riehen
Kommunevåpenet til Riehen


Plassering
Riehen is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Basel-Stadt
Distrikt ingen
Språk tysk
Borgarmeister Willi Fischer
Geografi
Flatevidd
 - kommune

10,86 km²
Innbyggjarar
 - kommune (juni 2011)
   - folketettleik

20 839
  1 918,9 /km²
Koordinatar 47°35′0″N 7°38′0″EKoordinatar: 47°35′0″N 7°38′0″E
Høgd over havet 278 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 4125
Nettstad: www.riehen.ch

Riehen er ein kommune i kantonen Basel-Stadt i Sveits. Kommunen har 20 839 innbyggjarar (2011) og eit areal på 11 km². Kommunesenteret ligg 278 meter over havet. I lag med byen Basel og Bettingen er Riehen ein av tre kommunar i kantonen. Riehen grensar i nord, nordaust, og litt i sør, til Tyskland.

Galleriet Fondation Beyeler, eit leiketøymuseum og kyrkja St. Martin er dei fremste turistmåla.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Riehen vert skriftfest første gongen i 1113. I 1270 låg Riehen under fyrstebiskopsdømet Basel. Tida 1444-46 vart Riehen, som etterverknad av slaget ved St. Jakob an der Birs, plyndra og brannherja. Åra 1490-93, Kappeler Fehde, vart landsbyen plyndra på ny. År 1522 kom Riehen i byen Basel si eige, og i 1528 vart staden omfatta av reformasjonen.

I 1833 vart kantonen Basel delt, etter den såkalla Basler Kantonstrennung. Riehen hamna i Basel-Stadt, saman med den mindre grannekommunen Bettingen.

Under andre verdskrigen flytta mange, forbigåande, til dei indre delane av Sveits. År 1958 innførde Riehen, som den første kommunen i Sveits, røysterett for kvinner i lokalval.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]