Fest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tidlegkristen freske av ein fest i ei katakombe i Roma.

Fest, gilde og gjestebod er spesielle tilstellingar der fleire folk er samla for å ha det kjekt. Festar kan vera arrangert for å markera ei bestemt hending, for å sosialiserast, for å visa fram status og rikdom eller for å få eit avbrekk frå kvardagen. Ein fest kan vera formell eller uformell, og den vil ofte ha eit eller fleire tema. Festar inneber ofte mat og drikke, gjerne med alkohol. Musikk og dans er også vanleg. Deltakarane kan pynta seg med fine klede, smykke og sminke. Festen føregår i eit privat lokale eller i eit selskapslokale som til dømes ein pub eller eit ungdomshus. Omgjevnadane er ofte forbetra med store bord, fin oppdekking og ulik pynt, som blomar eller levande lys.