Ro'i

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°14′49.85″N 35°29′20.3″E
Ro'i
landsby
Land Blank flag.svg Vestbreidda
Region Jordandalen
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Bik'at HaYarden
Koordinatar 32°14′49.85″N 35°29′20.3″E
Grunnlagd 1976
 - Grunnlagd av Nahal
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Israel location map.svg
Locator Red.svg

Ro'i (hebraisk skrift רוֹעִ"י) er ein moshav og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Jordandalen og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han 128 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd i September 1976 som ei Nahal-busetjing, og vart omgjort til ein sivil moshav to år seinare. Namnet er eit akronym for Ramat Uzi Yairi, ein tidlegare kommandant for fallskjermjegertroppen til det israelske forsvaret. Han vart drepen under operasjon Savoy i 1975.[1]

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2] Landområdet som Ro'i ligg på vart teken frå palestinske innbyggjarar utan kompensasjon.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vilnai, Ze'ev (1980). «Ro'i». Ariel Encyclopedia. Volume 8. Israel: Am Oved. s. 7404.  (he)
  2. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  3. עמוס לבב, הדיון בבג"ץ על ההתנחלויות ייערך בפני חמישה שופטים , מעריב , 14 בנובמבר 1978