Gilgal i Bik'at HaYarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gilgal
landsby
Gilgal 040a.jpg
Inngangen til Gilgal
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Bik'at HaYarden
Koordinatar 31°59′58.81″N 35°26′39.86″E
Grunnlagd 1970
 - Grunnlagd av Nahal
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Gilgal i Bik'at HaYarden
31°59′59″ N 35°26′40″ E
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Gilgal

Gilgal (hebraisk skrift גִּלְגָּל) er ein kibbutz og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda.[1] Han ligg i Jordandalen kring 16 kilometer nord for Jeriko med eit areal på 1 400 mål og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han 162 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd i 1970 som ei Nahal-busetjing, og vart kalla[2] opp etter den gamle bibelske staden Gilgal, som ein trur låg nær Khirbet al-Mafjir 2 km søraust for Jeriko. Han vart omgjort til ein sivil kibbutz i 1973.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. We're Building Arkivert 2001-08-20 ved Wayback Machine., Time Magazine
  2. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s. 167, ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
  3. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.