Hopp til innhald

Ivan Ukhov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivan Ukhov


Ivan Ukhov tevlar i Doha i 2010.

Statsborgarskap Russland
Fødd 29. mars 1986 (38 år)
Jekaterinburg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Venskapsordenen

Ivan Sergejevitsj Ukhov (fødd 29. mars 1986 i Tsjeljabinsk) er ein russisk høgdehoppar. Han vart olympisk meister i øvinga i 2012. Hans personlege rekord er på 2,40 m; 5 cm under verdsrekorden til Javier Sotomayor.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ukhov konkurrerte tidlegare i diskoskasting, men bytta i 2005 til høgdehopp, og vart junior-europameister i Kaunas med eit hopp på 2,23 m. Gjennom 2005-sesongen forbetra han seg frå 2,10 m til 2,30 m. I 2006 oppnådde Ukhov ein personleg rekord på 2,33 meter. Han hoppa så 2,39 innandørs i Moskva den 28. januar 2007.

I 2009 vann han gull i innandørs-EM i friidrett Torino med eit hopp på 2,32 m. Elles i innandørssesongen 2009 hoppa han i Aten 25. februar 2,40 m, ny russisk rekord og årsbeste i verda. Den 25. juli 2009, under det russiske meisterskapen i Tsjeboksary, svinga han seg over 2,35 m og vart russisk meister med personleg utandørsrekord.

I 2010 sigra Ukhov i VM innandørs i Doha, gullmedaljen vann han etter eit hopp på 2,36 m. Ukhov deltok under EM i friidrett 2010 i Barcelona. Her hoppa han 2,31 m og tok sølvmedaljen, overgått av landsmannen Aleksandr Sjustov med to centimeter. Han var likevel den klart beste høgdehoppararn gjennom sesongen, noko han stadfesta med å vinne i fire av sju Diamond League-stemne.

I 2011 vann Ukhov gull under innandørs-EM i friidrett, då han vart den einaste som hoppa over 2,38 m. Under innandørs-VM i friidrett i Istanbul året etter greidde han bronsemedaljen.

Ivan Ukhov OL-debuterte under sommar-OL 2012 i London. Her vann han olympisk gull då han var den einaste som hoppa over 2,38 m. I 2019 mista han gullmedaljen ved ein dom i Den internasjonale skilsdomsretten for sport.[1] I 2021 fekk Erik Kynard medaljen. [2]

I 2014 fekk han bronsemedaljen under EM i Zürich.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «THE COURT OF ARBITRATION FOR SPORT (CAS) ISSUES DECISIONS IN 12 FIRST-INSTANCE DISCIPLINARY PROCEDURES CONCERNING RUSSIAN TRACK AND FIELD ATHLETES» (PDF) (på engelsk). Den internasjonale skilsdomsretten for sport. 1. februar 2019. Henta 17. mars 2023. «Ivan Ukhov: Suspension: 4 years starting from 1 February 2019. Retroactive disqualification: all results achieved from 16 July 2012 to 31 December 2015 are disqualified.»  line feed character in |sitat= at position 63 (hjelp)
  2. «Erik Kynard Receives Gold Medal from 2012 Olympics After Russian Scandal» (på engelsk). K-state Athletics. 16. november 2021. Henta 17. mars 2023. «After originally earning the silver medal at the 2012 London Olympics, Kansas State track and field alumni Erik Kynard retroactively received a gold medal in the high jump, the International Olympic Committee (IOC) announced on Friday (November 12).» 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]