Roberto Sighel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roberto Sighel
Roberto Sighel.JPG
Fødd 17. februar 1967
Baselga di Pinè
Yrke skøyteløpar
Roberto Sighel på Commons

Roberto Sighel (fødd 17. februar 1967) er en italiensk tidlegare skeiseløpar frå Baselga di Pinè i provinsen Trento. Han vart verdsmeister i firkamp i 1992 og vann elles to EM-sølv og til saman tre bronsemedaljar i ulike firkamp-VM og europameisterskap.

Sighel var ein av dei beste skeiseløparane i verda gjennom femten sesongar, 1988-2002. I gjennombrotsåret 1988 enda han på sjetteplass i både EM og firkamp-VM. Året etter vart han femtemann i EM, medan han i firkamp-VM 1991 i Heerenveen kneip andreplassen bak suverene Johann Olav Koss frå Noreg.

I mars 1992, etter ein heller svak OL-sesong, gjekk Sighel heilt til topps då firkamp-VM fann stad i kanadiske Calgary. Med seg på sigerspallen hadde han europameisteren Falko Zandstra og OL-vinnar Koss.

Vinteren 1995 vart Sighel nummer tre både ved EM i Heerenveen og då firkamp-VM gjekk på heimebana i Baselga di Pinè. Både i 1998 og 1999 kom han på andreplass i europameisterskapen, begge gongane vart han slått av Rintje Ritsma frå Nederland. Ved firkamp-VM dei to nemnde sesongane tok han høvesvis tredje- og fjerdeplassen. I sin siste internasjonale sesong, OL-sesongen 2002, vart han sjuandemann både ved EM i Erfurt, på 5000 m og 10000 m under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City og i firkamp-VM i Heerenveen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]