Falko Zandstra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Falko Zandstra

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 27. desember 1971 (52 år)
Heerenveen
Yrke skøyteløpar
Høgd 189 centimeter
Falko Zandstra på Commons

Falko Zandstra (fødd 27. desember 1971) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Heerenveen. Han vart europameister på heimebane både i 1992 og 1993, i 1993 vart han også verdsmeister på Hamar.

Zandstra meisterskapsdebuterte med siger i EM 1992 i heimbyen Heerenveen. Under Vinter-OL i Albertville tok han sølvmedaljen på 5000 meter, slått med vel to sekundar av vinnaren Geir Karlstad. På tampen av OL-sesongen kom han på andreplass etter Johann Olav Koss då firkamp-VM 1992 vart avvikla i Calgary. I 1993 vann Zandstra både EM og VM i firkamp, begge gongane framfor nemnde Koss.

OL-sesongen 1994 kom Zandstra på tredjeplass både i EM på Hamar, og på 1500 m under dei olympiske leikaneLillehammer. Sidan vart han nummer to i EM 1995 og nummer tre i EM 1997, begge meisterskapane fann stad i heimbyen Heerenveen.

Han la opp etter 1998-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]