Rondônia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rondônia
delstat
Flagg
Symbol
Land  Brasil
Del av Norte
Hovudstad Porto Velho
Areal 237 765,3 km²
Folketal 1 815 278 (2021)[1]
Grunnlagd 1943 (skild ut som eige territorium)
1982 (delstatsstatus)
Språk Portugisisk
Kart
Rondônia
10°56′00″S 62°49′00″W / 10.933333333333°S 62.816666666667°W / -10.933333333333; -62.816666666667
Wikimedia Commons: Rondônia

Rondônia er ein delstat nordvest i Brasil. Delstaten grensar til delstatane Acre, Amazonas og Mato Grosso. I sør har han riksgrense mot Bolivia. Rondônia er ein av dei yngste delstatane i Brasil, og har sidan 1970-talet hatt ein kraftig folkevekst.

Madeira-elva og Porto Velho.

Delstadshovudstaden er Porto Velho. Andre byar er Ji-Paraná, Ariquemes, Vilhena og Cacoal.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilde viser omfattande avskoging i Rondônia.

Rondônia ligg i vestkanten av Amazonas, og størsteparten av delstaten er dekt av regnskog. Store skogmengder er blitt rydda etter at omfattande innflytting og nybygging tok til på 1970-talet.

Porto Velho ligg heilt vest i Rondônia, ved Madeira-elva, som er ei sideelv til Amazonas. I delstaten ligg også innsjøen Lago do Cuniã.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rondônia blei skild ut frå Mato Grosso i 1943 som Guaporé-territoriet etter ein politikk ført av president Getulío Vargas for å sikra grensene til Brasil. I 1956 blei territoriet gjeve namnet kalla Rondônia etter Candido Rondon, som leidde fleire ekspedisjonar i dei brasilianske grenseområda tidleg på 1900-talet. Det føderale territoriet fekk delstatsstatus i 1982.

På 1970-talet blei det etablert eit program kalla Pólo-Noroeste som skulle fremja innvandring til området. Dette markerte også byrjinga på kaffiplantasjane og kvegdrifta i regionen. Pólo-Noroeste-programmet auka folketalet i Rondônia frå 10 000 i 1970 til 1,5 millionar i 2004. Bortsett frå Porto Velho og Guajará-Mirim er alle byane i delstaten bygd av nybyggjarar omfatta av dette programmet. Etter sluttføringa av Pólo-Noroeste har dei føderale styresmaktene starta Planaforo-programmet som fokuserer meir på miljø og urfolk. Eit hovudområde i dette programmet er å definera grensene for urfolksreservat.

I 1980 blei vasskraftverket Samuel bygga. Dette kraftverket mogleggjorde ein stor auke i produksjonen av tømmer, mineral og matvarer og innan bygg og anlegg.

Kveg i Ji-Paraná i Rondônia.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Delstaten produserer trevirke, kaffi, gummi og kjøt frå kveg. Mais og ris er andre viktige jordbruksprodukt. Det føregår gruvedrift på gull og tinn.

Sidan slutten av 1990-talet har Rondônia byrja å tilretteleggja for auka turisme.

Frihandelsområdet Guajará-Mirim blei skipa i 1993. Dette området grensar til Bolivia og har ført til ein markert auke i handelen mellom Rondônia og Bolivia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.ibge.gov.br/en/cities-and-states/ro.html.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rondônia