Ronnie Spector

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ronnie Spector
Ronnie Spector (1971).png
Fødd10. august 1943
FødestadNew York City i New York i USA
Død12. januar 2022 (78 år)
DødsstadDanbury
FødenamnVeronica Yvette Bennett
Alias
  • Veronica Yvette Spector
  • Ronnie Bennett
  • Veronica Spector Greenfield
OpphavUSA
AktivSidan 1959
Sjanger
InstrumentVokal
Stemmetypemezzosopran
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka somSongar
Gift medPhil Spector

Veronica Spector Greenfield (10. august 194312. januar 2022), opphavleg Veronica Yvette Bennett, var ein USA-amerikansk songar som skipa jentegruppa The Ronettes i 1957 med den eldre systera Estelle Bennett og syskenbarnet deira Nedra Talley. Bennett fronta gruppa medan plateprodusentem Phil Spector produserte det meste av det dei gav ut. Dei to gifta seg i 1968 og skilde seg i 1972.

Bennett song solo på ei rekkje av hittane til The Ronettes første halvdel av 1960-åra, som «Be My Baby» (1963), «Baby, I Love You» (1963) og «The Best Part of Breakin' Up» (1964). I 1964 lanserte ho ein solokarriere med singelen «So Young». Sidan 1980 har Bennett gjeve ut fem studioalbum: Siren (1980), Unfinished Business (1987), Something's Gonna Happen (2003), Last of the Rock Stars (2006) og English Heart (2016). I 1986 fekk ho eit comeback i karrieren sin då ho var med på Eddie Money-songen «Take Me Home Tonight».

Bennett har blitt kalla den opphavlege «bad girl of rock and roll».[1][2] I 2007 vart ho innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Ronettes.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

The Ronettes[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Tittel Albumdetaljar Listeplassering
US
Heat
Siren
  • Utgjeve: 1980
  • Selskap: RCA, Polish Records
Unfinished Business
The Last of the Rock Stars
  • Utgjeve: 8. mai 2006
  • Selskap: Bad Girl Sounds
English Heart
  • Utgjeve: 8. april 2016
  • Selskap: 429
6
«—» syner at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista.

Solosinglar[endre | endre wikiteksten]

  • 1964: «So Young» (Phil Spector 1)
  • 1964: «Why Don't They Let Us Fall In Love» (Phil Spector 1)
  • 1971: Try Some, Buy Some (Apple 1832)
  • 1975: «You'd Be Good For Me» (Tom Cat YB-10380)
  • 1976: «Paradise» (Warner Spector SPS 0409)
  • 1977: «Say Goodbye To Hollywood» (Epic 8-50374)
  • 1978: «It's A Heartache» (Alston 3738)
  • 1980: «Darlin'» (Polish PR-202)
  • 1987: «Who Can Sleep» (Columbia 38-07082)
  • 1987: «Love On A Rooftop» (Columbia 38-07300)

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Be My Baby: How I Survived Mascara, Miniskirts og Madness (1990)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ronnie Spector» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2021.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Donovan, Patrick (12. april 2006). «The Last of the Rock Stars». TheAge (Australia). 
  2. «The Ronettes – Inductees». The Vocal Group Hall of Fame Foundation. 2004. Arkivert frå originalen 20. mars 2007. 
  3. «The Ronettes». Rock & Roll Hall of Fame (på engelsk). Henta 26. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ronnie Spector