Rosi Mittermaier
Rosi Mittermaier | |
![]() |
|
Fødd | 5. august 1950 Reit im Winkl |
Rosi Mittermaier på Commons |
Rosemarie Mittermaier, kjend som Rosi Mittermaier, (fødd 5. august 1950) er ein tysk tidlegare alpinist frå Reit im Winkl i Bayern som vann verdscupen i alpine greiner 1976. Under vinterleikane i Innsbruck i 1976 vann ho to OL-gull og eitt VM-gull, samt eitt OL-sølv.
Mittermaier debuterte i verdscupen i alpine greiner allereie i 1967, den sesongen turneringa kom i gang. Ho fekk sitt gjennombrot då ho i Schruns i Austerrike vann sin fyrste siger i eit verdscuprenn, i yndlingsgreina slalåm. Fram til mars 1976 vann ho til saman 10 renn i verdscupen, fire renn i den siste sesongen, då ho vann verdscupen samanlagt klart med 281 poeng, mot andreplasserte, sveitsiske Lise-Marie Morerod sine 214 poeng.
Mittermaier var i sitt livs form då ho under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vart olympisk meister i slalåm og utfor, det siste ei stor overrasking. Ho var ikkje langt unna å vinne storslalåm, der ho måtta sjå Kathy Kreiner frå Canada framom seg på resultalista. Med sine plasseringar i enkeltrenna, vann ho eit suverent VM-gull i kombinasjonen.
Ho vann 14 tyske meisterskap.
Sidan 1980 er ho gift med alpinisten Christian Neureuther. Dei er foreldra til alpinisten Felix Neureuther.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Rosi Mittermaier» frå Wikipedia på tysk, den 20. november 2014.
|
- Einskildkvinner
- Fødde i 1950
- Tyske alpinistar
- Olympiske meistrar for Vest-Tyskland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Vest-Tyskland
- Verdsmeistrar i alpine greiner
- Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1968
- Alpinistar under vinter-OL 1968
- Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1972
- Alpinistar under vinter-OL 1972
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1976
- Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1976
- Alpinistar under vinter-OL 1976