Roy Orbison at the Rock House

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roy Orbison at the Rock House
Studioalbum av Roy Orbison
frå albumet Lonely and Blue
Utgjeve 1961
Sjanger Rockabilly
Lengd 20:34
Selskap Sun Records
Produsent Sam Phillips
Roy Orbison-kronologi
Roy Orbison at the Rock House Lonely and Blue
(1961)


Roy Orbison at the Rock House er det første albumet til Roy Orbison. Det kom ut i 1961 på Sun Records då Orbison alt hadde flytta til Monument Records, men ikkje fått ut eit album der enno. Eigaren av Sun Records, Sam Phillips, hadde ei samling med songar Orbison hadde spelt inn på Sun mellom 1956 og 1958. Phillips utnytta at Orbison no var landskjend i USA etter tre hittar på Monument i 1960 og 1961, som alle hadde nådd høgt på Billboard-lista.

Dei felste av songane på Roy Orbison at the Rock House vart skrivne av Orbison, men Sam Phillips stod oppført som låtskivar, noko som var tradisjon for rockabillyartistane som spelte for Sun. Kjende unntak er songar av dei andre Sun-artistane Harold Jenkins (betre kjend som «Conway Twitty») og Johnny Cash. «Rock House» vart skriven av Orbison og Twitty.

For denne utgjevinga vart det lagt korvokal og/eller nye instrument oppå alle songane, utanom «Devil Doll».

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg lenkje

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Roy Orbison, tilskrive Sam Phillips, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «This Kind of Love»   2:16
2. «Devil Doll»   2:19
3. «You're My Baby» (Johnny Cash) 2:14
4. «Trying To Get To You»   2:49
5. «It's Too Late» (Chuck Willis) 2:07
6. «Rock House» (Phillips, Harold Jenkins) 2:19
Side to
# Tittel Lengd
7. «You're Gonna Cry»   2:15
8. «I Never Knew»   2:29
9. «Sweet and Easy to Love»   2:15
10. «Mean Little Mama»   2:29
11. «Ooby Dooby» (Wade Moore, Dick Penner) 2:23
12. «Problem Child» (Roy Orbison) 2:27

Kjelder[endre | endre wikiteksten]