Albumet In Dreams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
In Dreams
Studioalbum av Roy Orbison
Utgjeve Juli 1963
Sjanger Rock
Lengd 28:12
Selskap Monument (MLP 8003)
Produsent Fred Foster
Roy Orbison-kronologi
Roy Orbison's Greatest Hits
(1962)
In Dreams More of Roy Orbison's Greatest Hits
(1964)
Singlar frå In Dream
  1. «In Dreams»
    Utgjeve: Februar 1963
  2. «Blue Bayou»
    Utgjeve: 1. august 1963
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

In Dreams er eit studioalbum av Roy Orbison frå Monument Records frå 1963. Det vart spelt inn i Hendersonville i Tennessee.

Albumet var det fjerde albumet på Monument Records, kalla opp etter hitsingelen frå albumet. Halvparten av desse songane var spelte inn for Sings Lonely and Blue, den andre halvparten i Nash Vegas i 1963 med Fred Foster som produsent.

Albumet vart mastra på ny i 2000-åra og gjeve ut på Legacy med fire bonusspor. I 2004 var songen «In Dreams» sett på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Allmusic skreiv følgjande om albumet:

« Korleis kan ein kome til seg sjølv att på ein slik måte at ein kan høyre heile albumet etter å ha høyrt opningssporet «In Dreams»? Albumet til Roy Orbison var overveldande på mange måtar, nemleg at hans «Blue Bayou» og Johnny Mercer sin «Dreams» og Stephen Foster sin «Beautiful Dreamer» er her, det same er Cindy Walker sin «Shahdaroba». Høgdene han når på på tittelsporet, «Lonely Wine», den brautande country- og R&B-songen «Blue Avenue» og «My Prayer» er rett og slett heilt fantastiske. Den kjenslemesige og djupe atmosfæren på desse melodiane syner den sofistikerte produksjonen til Foster, men òg korleis Orbison utviklar seg som songar og person. Orbison skreiv eller var medlåtskrivar på berre fire av songane, men songane han vel ut er ulastelege.[2] »

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «In Dreams» (Orbison) 2:49
2. «Lonely Wine» (Roy Wells) 2:55
3. «Shahdaroba» (Cindy Walker) 2:39
4. «No One Will Ever Know» (Mel Foree, Fred Rose) 2:28
5. «Sunset» (Orbison, Joe Melson) 2:29
6. «House Without Windows» (Fred Tobias, Lee Pockriss) 2:20
Side to
# Tittel Lengd
7. «Dream» (Johnny Mercer) 2:12
8. «Blue Bayou» (Orbison, Joe Melson) 2:29
9. «(They Call You) Gigolette» (Orbison, Joe Melson) 2:36
10. «All I Have To Do Is Dream» (Boudleaux Bryant) 2:24
11. «Beautiful Dreamer» (Stephen Foster) 2:19
12. «My Prayer» (Jimmy Kennedy, Georges Boulanger) 2:44
Bonusspor på Legacy-utgåva
# Tittel Lengd
13. «Falling» (Orbison) 2:22
14. «Distant Drums» (C. Walker) 3:11
15. «Mean Woman Blues» (Orbison) 2:25
16. «Pretty Paper» (Willie Nelson) 2:44

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. lenkje
  2. In Dreams på Allmusic