Rumat al-Heib
Rumat al-Heib | |
رُمة الهـَيـْب | |
landsby | |
Beduin-soldatar i det israelske forsvaret frå Rumat al-Heib under ein militærparade i Tel-Aviv i juni 1949.
| |
Land | ![]() |
---|---|
Distrikt | Nord distrikt |
Kommune | al-Batuf |
Koordinatar | |
Folketal | 1 710 (2011) |
Wikimedia Commons: Rumat al-Heib | |
Rumat al-Heib (arabisk رُمة الهـَيـْب, hebraisk רומת אל-הייב) er ein beduinlandsby nord i Israel. Han ligg nær Nasaret i Nedre Galilea og høyrer til al-Batuf regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 1 710.[1] Landsbyen vart grunnlagd i byrjinga av 1920-åra av arabarar frå al-Heib-stamma, og vart opphavleg kalla opp etter familien. Det noverande namnet fekk landsbyen i 1968.
Al-Heib-beduinane var ein av fleire beduinar som var allierte med jødiske militære styrkar under den israelsk-arabiske krigen i 1948, og som aktivt deltok i å forsvare nedre Galilea og Beth Shean-dalen mot palestinsk-arabiske paramilitære og den arabiske frigjeringshæren. Al-Heib-soldatane danna sidan kjernen i Minoritetseininga til det israelske forsvaret. Fram til i dag er framleis mange menn frå al-Heib i teneste i forsvaret.
I 2007 var det spaningar mellom landsbyen og den nærliggande moshaven Tzippori, då beduinane vart skulda for kvegtjuveri.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Rumat al-Heib» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Population by settlement Statistisk sentralbyrå
- ↑ New version of old self-defense group guards Jewish farmlands Haaretz, 28. desember 2007