Nedre Galilea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°44′N 35°27′E
Nedre Galilea
region
Lower Galilee map.svg
Kart over Nedre Galilea
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°44′N 35°27′E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Lower Galilee

Nedre Galilea (hebraisk הגליל התחתון, HaGalil HaTaḥton) er ein region i Det nordlege distriktet i Israel. Nedre Galilea strekkjer seg frå Jezreeldalen i sør til Øvre Galilea (Beit HaKerem-dalen) i nord. Den austlege grensa er Jordanelva og Genesaretsjøen. Den vestlege grensa er Zvulundalen og Akko.

Nedre Galilea er den sørlege delen av Galilea. Det blir kalla «Nedre» fordi han er mindre fjellrik enn Øvre Galilea. Dei høgaste punkta i Nedre Galilea stig opp til 500 meter over havet. Den høgaste toppen er Kamun (598 m) nord i Nedre Galilea og Tabor (588 m) i sørlege delen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nedre Galilea består av tre forskjellige regionar med forskjellig geologi:

  • Vestlege Nedre Galilea
  • Sentrale Nedre Galilea
  • Dei høgare områda i austlege Nedre Galilea

Nedre Galilea består av låge fjell som strekkjer seg frå aust til vest med fleire dalar mellom. Sør for Beit HaKerem-dalen ligg fjellkjeda Shagor, så Sakhnindalen, Yodfat, Tur'andalen og Tur'anfjella, Beit Netofa-dalen, og Ksulot. I vestlege Nedre Galilea er det fleire låge åsar (200–300 moh) dekte med eikeskogar. Den sentrale Nedre Galilea er meir fjellendt og det austlege Nedre Galilea er ei flat basaltisk fjellside med ei høgd på 300 meter over havet, og som strekkjer seg frå nordaust til sørvest.

Sjølv om landskapet i Nedre Galilea er mindre dramatisk enn det i Øvre Galilea, er det grønare. Nedre Galilea er lettare tilgjengeleg for dei fleste israelarar (mindre enn to timar med bil frå Tel Aviv-området). Mykje av jordbruket i Israel skjer i Nedre Galilea, særleg i Jezreeldalen og Beit She'an-dalen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]