Rustgrimeparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rustgrimeparakitt

Status i verda: VU Sårbar


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Psittacidae
Slekt: Bolborhynchus
Art: B. ferrugineifrons
Namn på andre språk
  • Engelsk: Rufous-fronted Parakeet
  • Vitskapleg namn
    Bolborhynchus ferrugineifrons

    Rustgrimeparakitt (Bolborhynchus ferrugineifrons) er ein sårbar parakitt og han er endemisk til Colombia med utbreiing i høgtliggande, sentrale Andes, frå Cauca-departementet i sør, nord gjennom Tolima til Caldas.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Rustgrimeparakitten er ein liten, tjukkfallen, mørkegrøn parakitt på om lag 18-19 centimeter i kroppslengd. Rundt nebbet er han raudbrun, undersida noko lysare grøn, og primærfjørene er i blått.

    Denne parakitten lever i krattskog og lågvoksen elfinskog i grenesområde mellom jordbruksland og páramo-stepper i høgder mellom 3200 til 4000 moh., nokre gonger heilt ned til 2800 moh. Her lever han helst av grasfrø og blomar.

    Populasjonen er estimert til mellom to og fire tusen vaksne individ, og er trudd å vere minkande. Trugsmåla er utviding av jordbruksareal i lågaste delane om utbreiingsområdet og vedsanking i dei høgste. IUCN har klassifisert arten som sårbar, VU.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]