Hopp til innhald

Sæle i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sæle
stad
Sæle med Kalandsvatnet i bakgrunnen.
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 86
Ferdselsårer Kismulvegen
Wikimedia Commons: Sæle, Bergen

Sæle eller Sele er ein gard i Fana i Bergen kommune langs sørsida av Kalandsvatnet.

Det er framleis gardsdrift på garden.

Namnet kjem frå norrønt sæla, som tyder «overflod» eller av sel som tyder «stølshus».

Garden høyrte kring 1590 til prestebolet til Fana kyrkje. Frå 1870-1874 har garden vore i bondesjølveige.

Garden ligg i vest på sørsida av Kalandsvatnet og strekkjer seg sørover aust for Jordavatnet til Ulvvatnet.

Garden grensar til Ytre Hamre i vest og sørvest, Kismul i aust og søraust, Indre Hamre i nordvest, Øvre Sandven i nord og Nedre Sandven i nordaust.