Sandven i Bergen
Sandven | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
Gardnummer | 79 og 81 | ||
Ferdselsårer | E39 Osvegen | ||
Sandven er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på nordsida av Kalandsvatnet og er delt i Øvre Sandven i vest og Nedre Sandven i aust.
Her er framleis gardsdrift.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet kjem av det norrøne sandr som tyder sand, og vin som tyder naturleg eng. Dette er det einaste vin-namnet av gardane i Fana.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det er gjort funn av skaftkar i kleberstein frå yngre steinalder på garden.
I mellomalderen høyrde garden til Lyse kloster, og etter reformasjonen til Lyseklostergodset. Seinare vart garden delt i Øvre og Nedre Sandven. Brukarane på garden vart sjølveigarar frå 1873 og 1875.
Øvre Sandven
[endre | endre wikiteksten]Øvre Sandven ligg vest for Nedre Sandven, på nordsida av Kalandsvatnet og sør for Ljosvollvarden. Garden grensar til Ljosvoll i nord, Hatlestad i vest, Indre Hamre i sørvest, Sæle i sør, Nedre Sandven i aust, Stigen og Fjellbirkeland i nordaust.
Nedre Sandven
[endre | endre wikiteksten]Nedre Sandven ligg aust for Øvre Sandven og omfattar mellom anna Sineset som stikk sørover i Kalandsvatnet. Her ligg både Kaland skole og Kalandseid stadion.
Utanom Øvre Sandven grensar garden til Stigen i nord, Sæle i sør, Smådal i aust og Hedno i nordaust.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.