Sævik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sævik
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Distrikt Namdalen
Kommune Namsos

Sævik
64°25′48″ N 11°29′21″ E

Sævik eller Sævig er ei bygd i Namsos kommune i Trøndelag. Ho ligg omtrent midtvegs mellom Klinga og Spillum, langs Fylkesveg 17. Namsos ligg rndt 5 km nord for Sævik, på andre sida av Namsen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sævik har lang historie som eit eige sokn med ei kyrkje. På 1500-talet var Sævig nedteikna som del av Fosnes prestegjeld. Frå 1820 var det del av Overhalla prestegjeld (ikkje det same som Overhalla kommune).

I 1859 blei Namsos eit eige sokn. Sævik sokn blei delt i to,slik at den nordlege delen (Vemundvik) blei verande med Overhalla, medan Sævik blei verande eit mindre sokn.[1]

I 1866 blei det bygd ei ny kyrkje på Klinga, rundt 2,7 km sør for Sævik, og den gamle kyrkja der blei riven.[2] I mai 1885 endra soknet namn frå Sævig til Klingen, etter staden kyrkja stod.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Det store Sævik sogn blir delt 1659» (på norsk). Namsos Bys Historielag. Arkivert frå originalen 2017-11-14. Henta 10. januar 2020. 
  2. «Klinga kirke feirer 150 år». Namdalsavisa. 27. februar 2016. Arkivert frå originalen 2017-11-14. Henta 10. januar 2020.