Sérvia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sérvia
Lokalt namn: Σέρβια
Brua over Polýfytosreservoaret i elva Aliákmonas med Sérvia i bakgrunnen
Brua over Polýfytosreservoaret i elva Aliákmonas med Sérvia i bakgrunnen
Geografi
2019 New Municipality Servia.svg
Stad Makedonía
Koordinatar 40°11′N 22°0′EKoordinatar: 40°11′N 22°0′E
Areal 605,7 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Vest-Makedonía
Kozáni
Sérvia-Velvendós
Hovudsete Sérvia (2 980 innb.)
Demografi
Folketal 11 382 (2011[1])
Folketettleik 18,8 /km²

Sérvia (gresk Σέρβια) er ein distriktsby og ein kommune i periferieininga Kozáni i Vest-Makedonía i Hellas. Han ligg sør for Kozáni og grensar i aust mot periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía, i sør mot periferieininga Lárisa i Thessalía.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kommunen Sérvia, no kommunaleininga Sérvia

Sérvia hadde vore eigen kommune fram til 2011, men vart då ei kommunaleining i kommunen Sérvia-Velvendós, der han var hovudsete.[2] Frå 2019 vart storkommunen delt opp att, og dei opphavlege kommunane Sérvia, Kamvoúnia og Livaderó vart kommunaleiningar i den nye kommunen Sérvia.[3]

Ved folketeljinga i 2011 hadde den noverande kommunen Sérvia 11 382 innbyggjarar, kommunaleininga med same namn 8 611 innbyggjarar, medan tettstaden Sérvia hadde 2 980 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Sérvia Sérvia 2 980
Livaderó Livaderó 1 232
Platanórrevma Sérvia 1 004
Tranóvalto Kamvoúnia 645
Vathýlakkos Sérvia 615
Néa Láva Sérvia 560

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.