Piería
| Periferieininga Piería Περιφερειακή ενότητα Πιερίας | |
|---|---|
| |
| Periferi | Sentral-Makedonía |
| Hovudstad | Kateríni |
| Folketal | 119 384 (2021[1]) |
| Areal | 1 516 km² Rangering 42. |
| Folketettleik | 79/km² |
| Kommunar | 3 |
| Postnummer | 60x xx |
| Retningsnummer | 235x0 |
| Bilnummer | KN |
| Heimeside | www.pieria.gr |
Periferieininga Piería (gresk Περιφερειακή ενότητα Πιερία, Periferiakí enótita Pierías) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Kateríni. Piería er den minste periferieininga i Gresk Makedonia. Namnet Piería kjem frå ei antikk stamme og det gamle antikke landet Pieris. Det ligg mange arkeologiske stader i Piería, som Dío, Pýdna og Platamónas. Fjellet Piéria ligg òg i Piería, heimstad for Orfeos og musene. Ólymbos, det høgaste fjellet i Hellas og trona til dei greske gudane, ligg på sørsida av Piería. Andre antikke byar er Livithra og Pimpleia.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Piería grensar til Lárisa i Thessalía i sør og vest, Kozáni i vest og Imathía i nord. Fram til seint på 1900-talet låg Piería omkring landsbyen Élafos som var ein del av Imathía.
Piériafjella ligg i vest og Thermaikósbukta i aust.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Piería har hovudsakleg middelhavsklima med varme somrar og til dels kjølige vintrar. Dei sentrale og vestlege områda har vinterlege forhold i høgareliggande område.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Tidlegare var Piería eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.[2]
| Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune | Postnummer | Retningsnr |
|---|---|---|---|---|
| Piería | Pýdna-Kolindrós | Pýdna | 600 64 | 23510-7 |
| Kolindrós | 600 61 | 23530-3 | ||
| Ejínio | 603 00 | 23530-2 | ||
| Methóni | 600 66 | 23530-4 | ||
| Kateríni | Pétra | 601 00 | 23510-8 | |
| Piérii | 601 00 | 23510-82 | ||
| Elafína | 601 00 | 23510-92 | ||
| Kateríni | 601 00 | 23510-2 til 7 | ||
| Paralía | 601 00 | 23510-4 | ||
| Korinós | 600 62 | 23510-41 | ||
| Dío-Ólymbos | Dío | 601 00 | 23510-51 | |
| Aust-Ólymbos | 600 63 | 23520-3 | ||
| Litókhoro | 602 00 | 23520-8 | ||
Historie
[endre | endre wikiteksten]Piería var ein del av Kongedømet Makedonia i antikken, og vart seinare ein del av Romarriket og Austromarriket. På 1300-talet vart det erobra av Det osmanske riket, som heldt til her i 500 år fram til den greske sjølvstendekrigen i 1821. Piería tapte derimot slaga og vart ikkje ein del av Hellas før etter balkankrigane i 1913. Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange flyktningar frå Vesleasia til området. Tidlegare var Piería ein del av Thessaloníki prefektur, men i 1947 vart området eit eige prefektur, frå 2011 ei periferieining. Piería opplevde økonomisk vekst i jordbruk og servicenæringa etter dette.
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
| Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
|---|---|---|---|
| Kateríni | Kateríni | 55 997 | 56 961 |
| Litókhoro | Dío-Ólymbos | 6 995 | 6 615 |
| Ejínio | Pýdna-Kolindrós | 4 153 | 3 683 |
| Leptokaryá | Dío-Ólymbos | 3 700 | 3 612 |
| Korinós | Kateríni | 3 487 | 3 115 |
| Kallithéa | Kateríni | 3 134 | 2 933 |
| Perístasi | Kateríni | 2 545 | 2 367 |
| Kolindrós | Pýdna-Kolindrós | 2 822 | 2 103 |
| Platamónas | Dío-Ólymbos | 2 013 | 1 896 |
| Karítsa | Dío-Ólymbos | 2 025 | 1 843 |
| Svorónos | Kateríni | 1 948 | 1 842 |
| Vrondoú | Dío-Ólymbos | 1 902 | 1 762 |
| Kondariótissa | Dío-Ólymbos | 1 662 | 1 489 |
| Makrýjalos | Pýdna-Kolindrós | 1 681 | 1 469 |
| Ájos Spyrídonas | Dío-Ólymbos | 1 489 | 1 377 |
| Néa Éfesos | Dío-Ólymbos | 1 564 | 1 328 |
| Lófos | Kateríni | 1 496 | 1 323 |
| Dío | Dío-Ólymbos | 1 130 | 1 120 |
| Kítros | Pýdna-Kolindrós | 1 172 | 1 061 |
| Andromákhi | Kateríni | 1 061 | 1 043 |
| Paralía | Kateríni | 1 124 | 928 |
| Ritíni | Kateríni | 1 138 | 890 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Folketeljing 2021
- 1 2 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Pieria frå Engelsk Wikipedia .
