Hopp til innhald

Søndre Borgesyssel prosti

59°16′56″N 11°6′39″E / 59.28222°N 11.11083°E / 59.28222; 11.11083

Sarpsborg kyrkje

Søndre Borgesyssel prosti (tidl. Sarpsborg prosti) er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Halden og Sarpsborg. Prosten har sete i Sarpsborg.

Prostiet vart skipa som Sarpsborg prosti i 1973.[1] Det vart danna av prestegjelda Sarpsborg, Tune og Varteig overført frå Vestre Borgesyssel prosti og Idd, Halden, Berg og Skjeberg overført frå Nedre Borgesyssel prosti.[1] I 2019 vart prostinamnet endra til Søndre Borgesyssel.[2][3][4]

  • 1973 - Sarpsborg prosti vart oppretta. Det bestod frå starten av prestegjelda Sarpsborg, Tune, Varteig, Idd, Halden, Berg og Skjeberg.
  • 1985 - Greåker prestegjeld vart oppretta. Området vart skilt ut frå Tune.[5]
  • 2004 - Den norske kyrkja byrjar fase ut ordninga med prestegjeld.

Sokn i Sarpsborg prosti

[endre | endre wikiteksten]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

SoknKyrkje(r)Kyrkjeleg fellesråd
Asak soknAsak kyrkjeHalden
Berg sokn i BorgBerg kyrkje i HaldenHalden
Enningdalen soknPrestebakke kyrkje
Søndre Enningdalen kyrkje
Halden
Greåker soknGreåker kyrkjeSarpsborg
Hafslund soknHafslund kyrkjeSarpsborg
Holleby soknHolleby kyrkjeSarpsborg
Idd soknIdd kyrkjeHalden
Ingedal soknIngedal kyrkjeSarpsborg
Halden soknImmanuels kyrkjeHalden
Rokke soknRokke kyrkjeHalden
Sarpsborg soknSarpsborg kyrkjeSarpsborg
Skjeberg soknSkjeberg kyrkjeSarpsborg
Skjebergdalen soknSkjebergdalen kyrkjeSarpsborg
Solli soknSolli kyrkjeSarpsborg
Tistedal soknTistedal kyrkjeHalden
Tune soknTune kyrkjeSarpsborg
Ullerøy soknUllerøy kyrkjeSarpsborg
Varteig soknVarteig kyrkje
Hafslundsøy kyrkje
Sarpsborg

Prestegjeld

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var prestetenesta organisert gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Sarpsborg prosti desse prestegjelda:

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 ««Sarpsborg prosti»». Arkivportalen, Statsarkivet i Oslo. Henta 14. mars 2014.
  2. Borg bispedømmeråd: Ny prosteinndeling i Borg bispedømme
  3. Kirkelig fellesråd i Sarpsborg: Innkalling til møte 14. mai 2019
  4. Borg bispedømme: Prostier, proster og menigheter i Borg
  5. ««Deling av Tune prestegjeld, Sarpsborg prosti, Borg bispedømme, Østfold..»». lovdata.no. 27. september 1985.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]