Te Anau
Te Anau | |
---|---|
Styresmakter | |
Land ![]() |
New Zealand |
Geografi | |
Innbyggjarar - By (2006) |
1 902[1] |
Koordinatar | 45°25′S 167°43′E / 45.417°S 167.717°E |
Tidssone | +12 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.teanau.net.nz | |
Plassering | |
Te Anau er ein by i Southland District på Sørøya på New Zealand. Han ligg på austbreidda til Te Anau-sjøen i Fiordland. Te Anau-sjøen er den største innsjøen på Sørøya, og den nest største på New Zealand etter Tauposjøen. Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i byen 1 902.
Turisme og jordbruk er dei viktigaste næringsvegane i distriktet. Då byen ligg ved grensa mot nasjonalparken Fiordland National Park, er han innfallsporten til eit villmarksområde kjent for fotturisme og vakkert landskap. Mange fugleartar held til her, mellom desse den trua takahefuglen frå riksefamilien, som ein kan sjå i Fiordland Wildlife Park. Te Anau har mange overnattingsstadar, med over 3 000 tilgjengelege senger i sommarsesongen.
Te Anau har vegsamband med Invercargill i søraust, Queenstown mot nordaust, Gore mot aust og Manapouri mot sør. I Te Anau startar hovudvegen Milford Road, som går til Milford Sound, 120 km mot nord.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Ein takaheskulptur i Te Anau
-
Lake Te Anau om kvelden
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Te Anau» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Destination Fiordland- den regionale turismeorganisasjonen for Fiordlandregionen.
- FiordlandNZ.com Arkivert 2008-07-04 ved Wayback Machine. (vevside for turistinformasjon og booking.)
- Historiske bilete frå Te Anau frå samlingane til Museum of New Zealand Te Papa Tongarewa