Te Anau-sjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Te Anau-sjøen
innsjø
On Lake Te Anau.jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Tilsig Eglinton-elva, Clintonelva, Worsleyelva, Glaisnockelva, Wapitielva, Doonelva, McKenzie Burn, Upukeroraelva
Utløp Waiauelva
Høgd over havet 210 moh
Lengd 65 km
Areal 344 km²
Største djupn 417 m
Koordinatar 45°12′S 167°48′EKoordinatar: 45°12′S 167°48′E
Byar Te Anau
Wikimedia Commons: Lake Te Anau

Te Anau-sjøen ligg i det sørvestlege hjørnet til SørøyaNew Zealand. Namnet var opphavleg Te Ana-au, maori for 'grotta med kvervlande vatn'. Innsjøen dekkjer ei flate på 344 km², og er den nest største på New Zealand etter areal (etter Tauposjøen), og den største på Sørøya. Med tanke på volumet av ferskvatn, er Te Anau den største innsjøen i Australasia.[1]

Hovuddelen av innsjøen ligg i nord-sørleg retning, og er 65 km lang. Tre store fjordar formar armar på den vestre breidda, North Fiord (Nordfjorden), Middle Fiord (Mellomfjorden) og South Fiord (Sørfjorden). Desse er dei einaste innlandsfjordane på New Zealand, dei andre 14 ligg ute ved kysten. Fleire mindre øyer ligg ved innløpet til Midtfjorden, som deler seg innover i ein nordvestleg og ein sørvestleg arm. Innsjøen ligg 210 meter over havflata, og då den største djupna er 417 m,[2] ligg mykje av innhaldet under havnivå.

Fleire elver fører til innsjøen. Den viktigaste er Eglinton-elva, som renn inn i sjøen frå aust, motsett av innløpet til Nordfjorden. Utløpet er Waiauelva, som renn søretter i fleire kilometer ut i Manapourisjøen. Byen Te Anau ligg ved det søraustlege hjørnet i innsjøen, nær utløpet.

Det meste av innsjøen ligg innanfor Fiordland National Park og Te Wahipounamu verdsarvsområde. Utanom byen Te Anau, er den einaste busetnaden nær sjøen landbruksområdet Te Anau Downs, nær munningen til Eglintonelva. Mellom desse to busetnadane ligg bølgete bakkelandskap, medan landskapet kring sjøen elles er fjell-lendt, særleg langs den vestre breidda, der fjellområda Kepler og Murchison Mountains hevar seg 1400 m over overflata til innsjøen.

Te Anau-sjøen

To av fottruristrutene i New Zealand Great Walks startar ved sjøen. Milford Track går ut frå nordenden av sjøen, og Kepler Track startar og endar ved sørenden ved Waiauelva.

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Talrike arter av ville dyr og vegetasjon finnst i vass-skiljet ved Lake Te Anau. Av plantevekstar i underskogen er fleire artar bregner, mellom desse «kronebregna» (Blechnum discolor, engelsk crown fern).[3]

Ulike truga fugleartar held til langs breiddene til Lake Te Anau, av dei mest kjende er takahē (Notornis hochstetteri). Eit område mellom Midt- og Sørfjorden, kalla Murchison Mountains, er eit friområde for desse fuglane. Ved den vestre breidda til sjøen ligg også Te Ana-au-grottene.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Te Anau-sjøen