Gore på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gore
Maruawai
by
Skulptur av ein aure ved innkøyrsla til Gore
Land  New Zealand
Region Southland
Distrikt Gore District
Areal 1 251,62 km²
Folketal 7 980 (30. juni 2018)[1]
Kart
Gore på New Zealand
46°5′57″ S 168°56′47″ E
Wikimedia Commons: Gore, New Zealand

Gore er eit distrikt og ein by i regionen SouthlandSørøyaNew Zealand.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gore District har ei flatevidd på 1 251,62 km² og eit folketal på 12 250.[4]

Byen Gore ligg 64 km nordaust for Invercargill og 70 km vest for BalcluthaDunedin og Invercargill er dei næraste byane. I juni 2009 var det estimerte innbyggjartalet i det urbane området 9 740, det nest største av byane i Southland. Gore er ein tenesteby for dei omliggjande landbrukssamfunna.

Byen er delt av elva Mataura River i Gore og East Gore, storparten av byen ligg vest for elva. Jarnvegslinja Main South Line frå Dunedin til Invercargill går gjennom byen, men det var slutt på passasjertrafikken i 2003. Gore var ein gong eit travelt jarnvegsknutepunkt; Waimea Plains Railway gjekk vestover til knutepunktet med Kingston Branch i Lumsden, medan Waikaka Branch gjekk saman med Main South Line i McNab.

I newzealandsk folklore er Gore kjent som opphavsstaden til Hokonui heimebrent. Heilt frå 1830-talet, og særleg under den 50-årige regionale forbodstida frå 1903, hadde området Hokonui Hills, vest for byen, eit rykte på seg at det vart produsert ulovleg alkohol her.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før europearar busette seg i det området som no er Gore, var dette ein ferdselsveg som vart bruka av reisande maoriar. Tuturau, nær dagens Mataura, var den næraste maoribusetnaden. I 1836 slo sørlege maoriar attende eit raid frå nord, og dette skapte tilstrekkeleg tryggleik i området til at europearar kjøpte seg land og busette seg her. Midt på 1850-talet hadde større område i omlandet vorte gjort om til sauebeite.

For å koma seg over Mataura River var det naudsynt og finna ein lang vadestad (engelsk: ford); denne staden vart følgjeleg kalla «the Long Ford», eller Longford. I 1862 vart nokre få seksjonar i byen oppmålte på vestbreidda til elva, og Longford fekk namnet Gore som ei hylling til Sir Thomas Gore Browne, ein av dei tidlege guvernørane på New Zealand. Ein av dei første bygningane var Long Ford House, eit overnattingshus, opna av ein lokal sagbrukseigar, Daniel Morton[6]

Grunnlegging[endre | endre wikiteksten]

I 1877 var det kome i gang nok forretningsverksemd her til at Bank of New Zealand opna ein filial i Gore. I løpet av dei neste tre åra hadde både Bank of Australasia og Colonial Bank også opna kontor her. I 1899 kom Bank of New South Wales òg [7].

Bygging av jarnvegar starta tidleg i 1870-åra, og ei linje mellom Invercargill og Gore vart opna 30. august 1875. Frå den 22. januar 1879 var jarnvegen forlenga til Balclutha der han gjekk saman med den eksisterande linja til Dunedin. Ein privat Waimea Plains jarnveg frå Gore til Lumsden vart opna 31. juli 1880. Han vart kjøpt opp av staten i 1886. Denne linja batt Gore saman med sidesporet frå Invercargill tilKingston. I 1908 var ei anna sidelinje om McNab til Waikaka ferdig. Utbygginga av jarnvegsnettet gjorde Gore til eit viktig knutepunkt, og hadde stor innverknad på utviklinga til byen.[7]

I 1879 starta utgjevinga av avisa Ensign i byen, og i 1887 kom rivalen Standard.

Gore vert borough[endre | endre wikiteksten]

I 1885 fekk Gore status som borough, og i 1890 vart Gordon, som no vanlegvis vart omtala som East Gore, slått saman med Gore[8] I 1905 var folketalet i byen vakse til 2 354, samanlikna med 1 618 i 1891.[9]

Etableringa av Gore Electric Light & Power Syndicate førte til at Gore vart den tredje byen på New Zealand som fekk elektrisk straum, då det vart installert ein generator i 1894.[10]

Etter den andre verdskrigen og fram til 1976 førte høge prisar på landbruksprodukt til oppgangstider i Gore, og folketalet voks frå 5 000 i 1945 til 9 000 i 1976. Ut på 1960-talet vart det sagt at Gore var byen med mest vareomsetjing per innbyggjar på heile New Zealand.[11]

Nedgangstider[endre | endre wikiteksten]

Landbrukssektoren gjekk inn i dårlegare tider etter 1976, og dette førte til nedgang i folketalet. Etter 2000 har velstanden på nytt auka, etter at ei rekkje gardsbruk i området er omgjorde til mjølkeproduksjon, og har gode innkomer på grunn av aukande prisar på meieriprodukt.

Landemerke og kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Byen er godt kjend i samband med Country and Western music, og den årlege New Zealand country music awards har vore skipa til her dei siste 36 åra.[12] Gore har venskapsbysamband med Tamworth i New South Wales, «'Countryhovudstaden' i Australia».

Dei seinare åra har Gore også fått eit namn som eit senter for visuell kunst på Sørøya. Ei større testamentarisk gåve frå dr. John Money til kunstgalleriet Eastern Southland Art Gallery i byen, har etterlate dette med ein av dei beste samlingane med etnisk kunst i landet, ikkje berre frå New Zealand, men òg frå andre verdsdelar. Dette er sett opp mot ei imponerande samling av moderne newzealandsk arbeid, inkludert fleire kjende verk av maorikunstnaren Ralph Hotere.[13]

Den tidlegare presbyterianske kyrkja i East Gore er ei av dei to attståande kyrkjebygga som vart teikna av arkitekten Robert Lawson.[14] Kyrkja vart bygd i 1881, men hovudbygningen vert no brukt som teater- og førelesingssal, og hallen, som vart bygd seinare, er gjort om til studio og husvære for omreisande kunstnarar. Her står òg møblane frå den kongelege suiten som vart gjort i stand under vitjinga til dronning Elizabeth II av Storbritannia i Southland i 1954.[15]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981; utgjevar: Statistics New Zealand.
  2. 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
  3. 3,0 3,1 3,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
  4. Estimat 30. juni 2009 Arkivert 2011-08-28 ved Wayback Machine., Statistics New Zealand
  5. L. Harper; T. Mudd; P. Whitfield; D. Hall (2006). The Rough Guide to New Zealand (5 utg.). New York - London - Delhi: roughguides. s. 779. ISBN 1-84353-679-X. 
  6. http://www.teara.govt.nz/Places/Southland/SouthlandPlaces/4/en Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 29. april 2010.
  7. 7,0 7,1 http://www.nzetc.org/tm/scholarly/Cyc04Cycl-fig-Cyc04Cycl0771a.html “The Cyclopedia of New Zealand [Otago & Southland Provincial Districts] - Gore“. Vitja 2. mai 2010
  8. Encyclopaedia of New Zealand 1966. Vitja 28. april 2010
  9. The Cyclopedia of New Zealand [Otago & Southland Provincial Districts] - Southland“. Vitja 2. mai 2010
  10. Reilly, Helen: Connecting the Country – New Zealand’s national grid 1886-2007. S. 65. Steele Roberts, Wellington. ISBN 978-1-877448-40-9.
  11. http://www.teara.govt.nz/1966/G/Gore/Gore/en Encyclopaedia of New Zealand 1966.
  12. "...Every year for the last 36 years Gore has hosted the New Zealand Gold Guitar Awards..." New Zealand Gold Guitar Awards, arkivert frå originalen 18. november 2009, henta 2. mai 2010 
  13. Galleriet si heimeside www.gorenz.com, arkivert frå originalen 25. juni 2007, henta 2. mai 2010 
  14. J.F. McArthur (1981). From the Kirk on the Hill. Gore Publishing Company. 
  15. «Visiting Artist Programme with New Zealand» (PDF). Hazelhurst Regional Gallery & Arts Centre, Sutherland Shire Council. 2004. 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 46°05′57″S 168°56′47″E