Queenstown på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre stadar med dette namnet, sjå fleirtydingssida Queenstown.
Queenstown på New Zealand
Styresmakter
Land
Øy
Region
Distrikt
New Zealand
Sørøya
Otago
Queenstown Lakes District
Geografi
Flatevidd
 - By

8704,97 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
 - Byområde

22956
10416
Koordinatar 45°01′52″S 168°39′45″EKoordinatar: 45°01′52″S 168°39′45″E
Plassering
Queenstown på New Zealand is located in New Zealand
Queenstown Mall

Queenstown er ein internasjonal ferieby i regionen Otago, sørvest på SørøyaNew Zealand. Byen ligg kring ei bukt med namnet Queenstown Bay ved Lake Wakatipu, ein lang, smal innsjø som er danna av isbrear, og byen har strålande utsyn mot dei nærliggjande fjella.

William Gilbert Rees, saman med oppdagaren Nicholas von Tunzelman, var dei første europearane som slo seg ned i området. Rees var på leiting etter beitemarker, og etter eit første besøk kom han attende i 1860 og grunnla ein høglandsfarm der sentrum i den noverande byen ligg. Men føretaket til Rees fekk eit kort liv. I 1862 vart det funne gull i Arrow River, eit kort stykke unna Queenstown.

Det vert fortalt ulike soger om korleis byen fekk namnet sitt. Den mest populære er at ein lokal gullgravar uttala at byen var som «skapt for Queen (dronning) Victoria». Queenstown er no kjend for den forretningsorienterte turismen sin, særleg opplevings- og skiturisme. Byen er populær både blant unge internasjonale tilreisande og for folk frå New Zealand.

Byen er det største senteret i Central Otago, og det tredje største i Otago. Nokre få administrative funksjonar, til dømes primærhelseteneste, er for tida tillagt naboregionen Southland. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i det urbane området i Queenstown (medrekna Frankton og Kelvin Heights) 10 416[1], ein oppgang på 22,1% sidan 2001.

Nabobusetnadar og -distrikt omfattar Arrowtown, Wanaka, Alexandra og Cromwell. Dei næraste byane er Invercargill og Dunedin.

Queenstown-Lakes District har eit landareal på 8 704,97 km², utanom innsjøane Lake Hawea, Lake Wakatipu og Lake Wanaka. Det har eit estimert folketal på 28 700 30. juni 2011[2].

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Queenstown og Remarkable Mountains
Plattform for strikkhopp ovanfor byen.

Queenstown er eit senter for opplevingsturisme. Skisport, jetbåt, rafting, strikkhopp, mountain biking, skateboarding, fotturar og flugefiske er aktivitetar som vert sterkt fremja.

Queenstown er eit hovudsete for vintersport på New Zealand, og folk frå heile landet og fleire delar av verda kjem for å stå på ski i dei fire fremste skisentra, Cardrona Alpine Resort, Coronet Peak, The Remarkables og Treble Cone. Langrenn er mogeleg i Waiorau Snow Farm, nær busetnaden Cardrona.

Ein kolfyrt, nesten 100 år gamal dampbåt, går turistturar på innsjøen.

Panorama over Queenstown og Lake Wakatipu frå toppen av gondolbanen.

Høgdepunkt[endre | endre wikiteksten]

Panoramautsikt frå Remarkables mot Queenstown lufthamn, med Queenstown bak.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Queenstown har eit alpint klima der vintrane byr på klår himmel og snødekte fjell. Om somrane er dagane lange og varme, og temperaturane kan nå 30°C.

Nuvola apps kweather.svg Klimatabell: Queenstown Weather-rain-thunderstorm.svg
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 22,6°C
73°F
22,7 °C
73 °F
19,9 °C
68 °F
16,1 °C
61 °F
11,9 °C
53 °F
8,6 °C
47 °F
8,2 °C
47 °F
10,3 °C
51 °F
13,5 °C
56 °F
16,2 °C
61 °F
18,6 °C
65 °F
20,7 °C
69 °F
15,8°C
60°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 10,7°C
51°F
10,6 °C
51 °F
8,8 °C
48 °F
6,2 °C
43 °F
3,3 °C
38 °F
0,7 °C
33 °F
0,1 °C
42 °F
1,3 °C
34 °F
3,6 °C
38 °F
5,6 °C
42 °F
7,4 °C
45 °F
9,4 °C
49 °F
5,6°C
42°F
Gjennomsnittleg total nedbør 78 mm
3,07 "
58 mm
2,28 "
80 mm
3,15 "
75 mm
2,95 "
89 mm
3,50 "
82 mm
3,23 "
65 mm
2,56 "
73 mm
2,87 "
69 mm
2,72 "
95 mm
3,74 "
72 mm
2,83 "
77 mm
3,03 "
913 mm
35,94 "
Kjelde: NIWA Climate Data[3]

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Queenstown har samband via vegnett og fly, men ikkje med jarnveg.

Som turistsenter har Queenstown ei rekkje samband med buss, dei fleste for pakketurar, men der er daglege bussruter til og frå Invercargill, Dunedin og Christchurch, som er dei byane som ligg nærast Queenstown.

Flyplassen ved Queenstown har flysamband med Australia ved Air New Zealand og Qantas, særleg til Brisbane, Melbourne og Sydney, og med auke av flygingane i skisesongen. Innanlandsflygingar hit kjem frå Auckland, Wellington og Christchurch.

Queenstown Airport er den travlaste helikopterbasenNew Zealand, og er også mykje brukt av turisttrafikk til Milford Sound og Aoraki/Mount Cook, både med småfly og helikopter.

Den viktigaste transportruta til Queenstown er State Highway 6, som går frå Cromwell gjennom fjellpasset Kawarau Gorge til Frankton, der ei 9 km sidegrein (SH6A) fører fram til sentrum i byen. SH6 held fram sørover og kryssar elva Kawarau river før han går ned langs austsida av Lake Wakatipu til Kingston før han kryssar grensa til regionen Southland. Ein noko vanskeleg framkomeleg veg over Crown Range fører til skisentra Cardrona og Wanaka, og er den høgast liggjande offentlege vegen på New Zealand med fast vegdekke.

Queenstown er utgangspunktet for mange dagsturar til det kjende naturområdet Milford Sound, desse tek om lag 12 timar. Som nemnt går det òg turistflygingar til Milford Sound.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • A. W. Reed (2002) The Reed Dictionary of New Zealand Place Names – Auckland. ISBN 0-7900-0761-4.
  1. 2006 Census Data, Final counts, Otago Region. Dette folketalet er det totale i Frankton (QuickStats About Frankton frå Statistics New Zealand), Kelvin Heights (QuickStats About Kelvin Heights frå Statistics New Zealand), Sunshine Bay (QuickStats About Sunshine Bay frå Statistics New Zealand), Queenstown Bay (QuickStats About Queenstown Bay frå Statistics New Zealand) og Queenstown Hill ([http://www.stats.govt.nz/Census/2006CensusHomePage/QuickStats/AboutAPlace/SnapShot.aspx?id=3609302 QuickStats About Queenstown Hill frå Statistics New Zealand)
  2. Subnational Populations Estimates at 30 June 2011 Statistics New Zealand
  3. «Climate Data». NIWA. http://www.niwascience.co.nz/edu/resources/climate/. Henta 24. mai 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Queenstown på New Zealand