Sør-Kina-havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sør-Kina-havet
bukt
Mar de China Meridional - BM WMS 2004.jpg
Land Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina, Flag of Vietnam.svg Vietnam Flag of the Republic of China.svg Republikken Kina, Flag of Malaysia.svg Malaysia Flag of Cambodia.svg Kambodsja, Flag of the Philippines.svg Filippinane Flag of Brunei.svg Brunei
Del av Stillehavet

Sørkinahavet
12° N 113° E
Wikimedia Commons: South China Sea
Sørkinahavet og området rundt.

Sør-Kina-havet er den delen av Stillehavet som er avgrensa av det asiatiske fastlandet og øyane Sumatra, Borneo, Luzon og Taiwan. I tillegg har Kina, Vietnam, Malaysia, Indonesia, Kambodsja, Brunei og Filippinene kyst mot Sør-Kina-havet.

Sør-Kina-havet grensar til Austkinahavet i nord gjennom Taiwansundet, mot Filippinarhavet i aust gjennom Luzonsundet, mot Javasjøen i sør mellom Sumatra og Borneo og mot Andamanhavet og Indiahavet i vest gjennom Malakkasundet. Mot det asiatiske fastlandet dannar Sørkinahavet to store bukter, Tonkinbukta i Vietnam og Kina, og Thailandbukta mellom Indokina og Malayahalvøya.

Sør-Kina-havet omfattar 3 500 000 km². Det er over 200 små øyar i havet, mange av dei er omstridde mellom landa som ligg rundt.

Sør-Kina-havet er i dag den nest mest brukte sjøvegen i verda. Det er ein del petroleumsreservoar i området. Det dreiar seg om om lag 4,5 km³ olja og 7 500 km³ naturgass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.