Søre Vaulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 62°20′20.443″N 5°36′12.442″E

Søre Vaulen mot Holmefjorden, med Nerlandsøya i bakgrunnen

Søre Vaulen er leia mellom øyane Bergsøy og Nerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre.

I tilknyting til bygginga av Nerlandsøybrua over Søre Vaulen på slutten av 1960-talet, vart det grave ei renne slik at også djuptstikkande båtar kan gå gjennom leia. Denne renna er om lag 20 meter brei og 7 meter djup ved fjøre sjø. Før utgravinga var det mogleg å gå tørrskodd mellom øyane når det var ekstra låg fjøre.

På Nerlandsøya vert sundet som Søre Vaulen er ein del av, kalla Kvalsund og på Bergsøysida Igesund.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]