Sørfugløya
Utsjånad
Sørfugløya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 70°08′37″N 18°42′21″E / 70.14361°N 18.70583°E
|
Høgaste punkt | Kvaløyfjellet (302 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Troms
|
Sørfugløya (nordsamisk Voreš-Vuovlá) er ei øy i Karlsøy kommune i Troms. Øya ligg nordvest for Rebbenesøya. Det høgaste punktet på Sørfugløya er Stortinden på 360 moh.
Sørfugløya er eit av dei viktigaste fuglefjella i Noreg, og verna som naturreservat. Lundefugl er den vanlegaste arten på øya, og finst også hekkande på Stormekta. Andre hekkefuglar er alke og lomvi, i tillegg til teist og toppskarv. Krykkje hekka tidlegare på Stormekta, men kolonien som nå er på rundt 30 par er flytta over til Husmekta. Mellom 1. april og 31. august er camping og telting forbode i naturreservatet.
Utanfor Sørfugløya ligg fiskebanken Fugløybanken.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bent Svinnung si padleside om Sørfugløya
- Lovdata: Verneforskrift for Sørfugløya naturreservatDenne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.