Sørnattergal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sørnattergal

Status i verda: LC Livskraftig

Sørnattergal Foto: Chris Romeiks
Sørnattergal
Foto: Chris Romeiks
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Muscicapidae
Slekt: Luscinia
Art: L. megarhynchos
Namn på andre språk
  • Engelsk: Common nightingale
  • Vitskapleg namn
    Luscinia megarhynchos

    Sørnattergal (Luscinia megarhynchos) er ein medlem av flugesnapparfamilien, og er mest kjent for sin melodiske og varierte song. Han er hekkefugl i sørlege og sentrale Europa, austover til vestre Mongolia og Kina. I Noreg er denne arten en sjeldan gjest. Sørnattergalen overvintrar i Afrika sør for Sahara.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Sørnattergal liknar nattergalen i fjørdrakt og har same storleik, 16-17 centimeter i kroppslengd. Men sørnattergalen har meir merkbar raudbrunt fargeskjer på halen og overgumpen, har ein lys augering og er i regelen heilt utan flekker og streker på den lyst beige undersida. Fjørdrakta er elles brun på oversida. Halen er litt avrunda. Kjønna er like.

    Songen er melodisk, med kraftfulle og svært varierande tema. Kjenneteiknet er eit gjentakande innslag av eit bestemt tema, ein plystretone med tiltakande kraft, skildra som «lu lu ly ly li li».[1]

    Hekkehabitatet er i låglandsskog med tett undervegetasjon, vanlegvis nær vatn. Dei kan òg hekke i hagar eller plantasjar. Om vinteren i tørrare områder som savannar med kratt eller sekundær vekstar, framleis nær vatn eller vassdrag. Sørnattergalen trivst best i lågland, i Afghanistan opptil 2300 moh., vinterstid i Afrika opptil 1600 moh.[2]

    Utbreiinga for hekking er nordvestlege Afrika, vestlege og sentrale Europa austlege til sentrale Tyrkia og Levanten, Iran, Irak, kaukasusområdet, Kasakhstan og Afghanistan aust til sørvestlege Mongolia og nordvestlege Kina. I Europa hekkar han sør for Fennoskandia, sørvest for Baltikum og Kviterussland. I Storbritannia berre i Sør-England.[2]

    Vinterterritoriet ligg i ei relativt smal stripe frå Senegal til Elfenbeinskysten i vest, tvers over Afrika sør for Sahara til Kenya.[2]

    Sørnattergalen er ein uregelmessig gjest i Noreg. Frå 1973 til juni 2018 er det gjort meir enn 50 registreringar, typisk to individ per år, nokre år har ein ingen funn, andre år opp til fire. Dei fleste funn blir gjort i Rogaland fylke med eit tyngdepunkt på Utsira, men arten har blitt registrert i tilsaman 11 ulike fylke. Ein majoritet av registreringane blir gjort i mai månad. Det blir òg ringmerka sørnattergalar i august til oktober månader.[3]

    Denne fuglen et mest virvellause dyr, helst maur eller biller, men kan supplere med bær og frukter utanom hekketida.[2]

    Populasjonen er har eit usikkert estimat på mellom 43 og 81 millionar vaksne individ og er trudd å vere stabil. Han er kategorisert som livskraftig, LC, av IUCN.[4]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
    2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Collar, N. & Christie, D.A. (2018) Common Nightingale (Luscinia megarhynchos) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 21. juni 2018
    3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 21. juni 2018. 
    4. BirdLife International (2018) Species factsheet: Luscinia megarhynchos. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. juni 2018

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sørnattergal