Süreyya Ayhan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Süreyya Ayhan
Statsborgarskap Tyrkia
Fødd 6. september 1978 (45 år)
Korgun
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Süreyya Ayhan Kop (fødd 6. september 1978) er ein tyrkisk tidlegare mellomdistanseløpar, frå Korgun i Çankırı-provinsen, som vart europameister på 1500 meter under EM 2002 og tok sølvmedaljen på same distansen under VM 2003. Med tida 3,55,3 var ho ei tid europeisk rekordhaldar på 1500 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ayhan deltok i dei olympiske leikane i Sydney hausten 2000, der ho nådde semifinalen på 1500 meter. To år seinare, under EM i friidrett 2002 i München overraska Ayhan stort ved å vinne 1500 meter to hundredels sekund framom favoritten, spurtsterke Gabriela Szabo. Endå meir imponerande vart det at Ayhan leia løpet frå start til mål. Det var den aller fyrste gullmedaljen vunnen av ei tyrkisk utøvar i eit europameisterskap. Ho vart kåra til Europas beste kvinnelige friidrettsutøvar for 2002.

I 2003 sikra Ayhan seg sølvmedaljen under VM i friidrett i Paris, før ho den 5. september sprang inn til 3.55,3 og ny europarekord under eit stemne i Brussel.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Straks føre Sommar-OL 2004 i Aten braut Ayhan prosedyrane under ein dopingtest og vart difor stengd ute frå å tevle i to år. I november 2007 vart ho utestengd på livstid etter ein positiv dopingtest på anabole steroidar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Ayhan er tyrkisk rekordhaldar på 800 meter med 2.00,64 og på 1500 meter med 3.55,3.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]