SS-27

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

SS-27 - RT-2UTTKh «Topol-M» (russisk: РТ-2УТТХ «Тополь-М») er eit av dei nyaste russiske interkontinentale ballistiske missila, og det første som er utvikla etter oppløysinga av Sovjetunionen. Missilet har av NATO fått NATO-kallenamn STALIN. «Topol» (тополь) er russisk for poppel. Våpenet er utvikla av Moskvas Termoteknologiske institutt, og kjem i både silo-versjon (SS-27 silo) og for mobil avfyringsrampe (SS-27 M1).

Spesifikasjonar og nytte[endre | endre wikiteksten]

Topol M-missila er 22,7 meter lange, og har ein diameter på 1,95 meter. Utskytningsmassen er på 47 200 kg, inklusive nyttelasta på 1000–1200 kg. I standardutgåva har missilet eit stridhovud på 550 kilotonn, men det kan modifiserast til å ta seks stridhovud. Rakettmissilet har ei estimert rekkjevidde på opptil 11 000 km.[1]

Utviklinga av våpenet starta på slutten av 1980-talet, og missilet vart ferdig i 1992. Første utskytningstest vart utført 20. desember 1994, og dei første eksemplara vart utplassert i modifiserte SS-19-siloar i desember 1997. Det første silobaserte regimentet vart erklært stridsklare i 1998, og vart følgt av tre andre i 1999, 2000 og 2003.

Topol M er konstruert for anten å avfyrast frå ein forsterka rakettsilo eller frå ein sjølvdreven mobil rakettrampe med terrengkapasitet og høve for avfyring frå kvart og eit punkt på ruta sin.

Dei tre første mobile missileiningane vart sett i teneste nær byen Tejkovo i desember 2000.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Topol M har fått fleire nye system som skal gjera det i stand til å unngå rakettforsvarssystem. Raketten kan gjera unnamanøvrer for å unngå å treff av konvensjonelle våpen, og ber med seg ulike hjelpemiddel for å unngå varmesøkande våpen. Missilet er skjerma mot EMP, stråling og kjernefysiske detonasjonar utanfor ein radius på 500 meter, og er designa for å tola treff frå alle kjende laservåpen.

Ein versjon av missilet berekna på avfyring frå ubåtar.

Brukarar[endre | endre wikiteksten]

Russland kjem til å vera det einaste landet som brukar missilet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Missile Threat.