Saera T. Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Saera Tithi Khan (fødd 24. april 1979 i Oslo) er ein norsk politikar for Ap. Ho var stortingsrepresentant frå Oslo 2005–09 og vararepresentant i perioden 2001–2005. Khan var medlem av Arbeidarpartiets sentralstyre 2002–09.

Khan er fødd i Noreg av foreldre frå Bangladesh. Ho er cand.mag. frå Universitetet i Oslo, med faga statsvitskap, samfunnsøkonomi, Kjønn og samfunn og Europa og integrasjon. Ho gjekk på Oslo katedralskole, der ho var russ i 1998.

Ho var medlem av Oslo bystyre 1999–05. Ho har tidlegare vore styremedlem i Oslo Ap og medlem av Kvinnenettverket i Oslo Arbeidarparti.

I perioden 2003 til 2005 arbeidd Khan som kommunikasjonsrådgjevar i Flyktninghjelpen.

I februar 2009 markerte Saera Khan seg som ein motstandar av å bruka hijab saman med politiuniform.[1]

Samtalar med spåkoner[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2008 vart det avdekt at Saera Khan hadde ringt spåkoner gjennom teletorgtenester for fleire hundre tusen kroner med mobiltelefonen betalt av Stortinget.[2] Då Stortinget slutta å betala dei høge telefonrekningane og saka vart kjent i offentlegheita, hevda Khan først at rekningane var så høge fordi ho hadde ein kjærast på utenlandsoppdrag i Forsvaret som ho hadde snakka med på satellittelefon. Dette er imot retningslinjene i Forsvaret og vart avvist av Forsvaret.[3] Etter først å ha hevda at ho berre ringte spåkone eit par gonger, innrømt Khan at mesteparten av telefonrekningane stamma frå samtalar med spåkoner.[4][5] Det kom òg fram at ho hadde spurt spåkonene om politikk, t.d. Frps oppslutning.[6] Khan gjorde det etter dette klårt at ho ikkje ville ta attval til Stortinget.[7] Ho har i ettertid sagt at ho har dekt telefonrekningane og tilbakebetalt beløp som er over det som normalt vert dekka.[8]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]