Safirbukkolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Safirbukkolibri
Safirbukkolibri
Safirbukkolibri
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Safirbukkolibri
Utbreiinga av Safirbukkolibri
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Slekt: Lepidopyga
Art: Safirbukkolibri L. lilliae
Vitskapleg namn
Lepidopyga lilliae

Safirbukkolibri (Lepidopyga lilliae) er ein fugl i kolibrifamilien og er endemisk til Colombia med avgrensa utbreiing mot kysten av Det karibiske havet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannfuglar av safirbukkolibrien når ein storleik 8,9 til 9,4 cm og ei vekt på 4,3 gram. Han har eit kort, rett nebb, overnebbet er svart, undernebbet rosa, men nebbtuppen er svart. Oversida er blågrøn, undersida blå. Halsen er iriserande fiolett. Den blå-svarte halen er djupt kløfta.

Først i dei seinare åra har hofuglar blitt observerte. Framleis manglar skildring av storleik, kroppsvekt og nebbfarge hos hofuglar. I følgje ei kjelde,[1] har hoa skinande grøn overside og halen er grøn-svart. Buken har spetta gråaktig farge, brystet og flankane blålege fjører som bleiknar ned mot buken.

Safirbukkolibrien er endemisk til mangrovane og buskvegetasjon av xerofyttar på den colombianske karibiske kysten. Det litle utbreiingsområdet på 2 900 km² aust og sør for byen Barranquilla dekker delar av departementa Atlántico, Magdalena og La Guajira.[2] Dei fleste observasjonane er frå nasjonalparken Isla dei Salamanca og frå Ciénaga Grande de Santa Marta. Som andre kolibriartar beitar dei tilsynelatande på insekt og nektar frå blomar.

Ein oljerøyrleidning og ein veg blei bygd gjennom våtmarkene i Ciénaga Grande de Santa Marta og Isla dei Salamanca på midten av 1970-talet. Dette blokkerte den naturlege tidevasstraumen og førte til massiv død av mangroveskogane. Situasjonen varte fram til 1992. Birdlife International anslår bestanden av safirbukkolibri til mellom 50 og 250 individ. Arten vart fotografert for første gong så seint som i 2007. Han er klassifisert som ein kritisk truga art ifølgje IUCN.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. ARKive - Wildscreen
  2. BirdLife International, 2015

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Schuchmann, K.L., Boesman, P. & Sharpe, C.J. (2015). Sapphire-bellied Hummingbird (Lepidopyga lilliae) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 28. juni 2015