Saksofonisten Chris White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saksofonisten Chris White

Fødd13. juli 1955 (68 år)
FødestadBristol, England
OpphavStorbritannia
SjangerRock, keltisk rock, country, blues
InstrumentSaksofon, fløyte & tamburin
Tilknytte artistarMark Knopfler, Dire Straits, The Notting Hillbillies, Robbie Williams, Paul McCartney, Chris De Burgh, Mick Jagger
PlateselskapVertigo, Mercury
Verka somMusikar, låtskrivar

Chris White (fødd 13. juli 1955) er ein engelsk jazz/rock-saksofonist som turnerte med Dire Straits[1] frå 1985 til 1992. og som har spelt med mange andre band og artistar, som Robbie Williams, Paul McCartney, Chris De Burgh og Mick Jagger.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

White byrja å spele saksofon då han var 13 år gammal. Han starta å spele faste konsertar nokre år seinare og starta i National Youth Jazz Orchestra og turnerte med andre musikarar (som France Gall). Han vart med Dire Straits i 1985 for dei to siste verdsturneane deira, og spelte både på Live Aid-konserten og Nelson Mandela-konserten i 1988.

I mai 1990 vart han med i The Notting Hillbillies og eit år seinare gav han ut det første soloalbumet sitt, Shadowdance. Ei motorsykkelulukke i 1993 hindra han frå å turnere med Pink Floyd.

I 2007 spelte White med Tom Jones og Bryan FerryConcert for Diana ved Wembley Stadium.

Han er i dag ein del av coverbandet The Straits, som spelar Dire Straits-songar, i lag med Alan Clark, Chris White, Terence Reis, Steve Ferrone, Mickey Feat, Adam Philips og Jamie Squire.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bishop, Pete (7. august 1985). «Dire Straits merely magnificent». Pittsburgh Press. s. D7. Henta 27. mai 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]