Steve Ferrone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steven Ferrone
Steve Ferrone, 2017-08-28.jpg
Fødd25. april 1950 (69 år)
FødestadBrighton
OpphavStorbritannia
Aktiv1975 til i dag
SjangerFunk, blues, R&B, rock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarAverage White Band, Eric Clapton, Tom Petty and the Heartbreakers, Scritti Politti, Duran Duran
Verka somTrommeslagar

Steven «Steve» Ferrone (fødd 25. april 1950) er ein engelsk trommeslagar.

Han var medlem av Average White Band og har spelt med mange kjende artistar, som Slash, Chaka Khan, Eric Clapton, Tom Petty and the Heartbreakers, Duran Duran, Scritti Politti og Johnny Cash.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ferrone kom frå ein musikalsk familie. Han varma opp for det då ukjende bandet The Who ved Uncle Bunnie's Chinese Jazz Club, då hans spelte i eit lite lokalt band tidleg i 1960-åra.

Ferrone tok utdanning i Frankrike ved Conservatoire de musique de Nice og var kraftig påverka av Motown sound. Han har nemnt Jack DeJohnette som favorittrommeslagaren sin, og var òg inspirert av Ringo Starr, Charlie Watts, Tony Meehan, Bernard Purdie, Grady Tate, Elvin Jones, Max Roach, Art Blakey, John Bonham, Clyde Stubblefield, Al Jackson jr. og Harvey Mason. Han vart særs aktiv i musikkmiljøet i Italia og Frankrike.

Ferrone byrja å spele i bandet Bloodstone, og var med på albumet deira Riddle of the Sphinx i 1975. Han spelte så med Brian Auger sitt Oblivion Express, som tidlegare hadde Robbie McIntosh på trommer.

McIntosh vart seinare med i Average White Band, og hadde nettopp gjeve ut det første hitalbumet då McIntosh døydde av heroinoverdose. Ferrone vart bede med i AWB som erstattaren hans, og vart med bandet dei neste åtte åra, før dei vart oppløyste i 1982.

Han spelte på debutalbumet til Chaka Khan i 1978, og spelte på dei fleste album ahennar i 1980-åra, mange av dei lag med tidlegare AWB-medlem Hamish Stuart. I 1985 vart Ferrone med i husbandet til Saturday Night Live. Han spelte stundom i studio og på turné med Duran Duran frå 1986 til 1993, og turnerte og spelte inn musikk med Eric Clapton frå 1986 til 1992. Han spelte trommer for rytmeseksjonen til Alan Parsons i Abbey Road Studios i lag med Pete Moss på bass for Eric Clapton og andre.

Han har òg spelt på innspelingar med Bee Gees, Scritti Politti, Brian May, Anita Baker, George Benson, Jonathan Butler, Bryan Ferry, Climie Fisher, Eric Clapton, Christine McVie, Peter Frampton, Jeff Golub, Rick James, Whitney Houston, Chaka Khan, Freddie King, Tracy Chapman, Pat Metheny, Marcus Miller, Steve Winwood, Michael W. Smith, Morrissey–Mullen, Dick Morrissey, Jeffrey Osborne, Paul Simon, Bernie Worrell og Jaco Pastorius.

Ferrone erstatta Joey Kramer i Aerosmith under førproduksjonen av albumet deira Nine Lives, medan Kramer sørgde over tapet av faren sin.

Ferrone møtte gitaristen Mike Campbell frå Tom Petty and the Heartbreakers, då dei to spelte ein konsert med George Harrison som ein del av hans Hara and the Hijack band i Royal Albert Hall. Han byrja å spelte med Tom Petty for albumet Wildflowers, som vart gjeve ut i 1994, og spelte dei første konsertane med bandet i 1995. Ferrone har vore med the Heartbreakers sidan den gongen, og spelte mellom anna med dei på albumet Unchained av Johnny Cash.

Ferrone gav ut eit live soloalbum kalla It Up: Steve Ferrone and Friends Live at La Ve Lee i 2003.

I 2007 spelte han trommer på debutalbumet til bandet The Black and White Years, produsert av Jerry Harrison frå Talking Heads.

I 2010 spelte Ferrone på det første soloalbumet til Slash, Slash og vart med det italienske bandet Pooh. Han samarbeidde òg med komponisten og musikaren Eric Alexandrakis, gitaristen og komponisten Warren Cuccurullo, og produsent og låtskrivar Anthony J. Resta.[1][2]

I 2011 byrja Ferrone og sele med dei gamle venen sine Alan Clarke og Phil Palmer i eit band med tidlegare Dire Straits-medlemmar, kalla The Straits.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jamie Stephens «Staying in tune with his inner Cane" The Miami Hurricane 22 September 2010 para. 5
  2. "Modern Drummer Web Update News» Modern Drummer magazine Update News para. 4 Henta 24 September 2010