Southamptonøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 7. november 2009 kl. 19:53 av Migne (diskusjon | bidrag)
Kart over Hudsonbukta med Salliq
Kart over Salliq

Salliq (engelsk Southampton Island) er ei stor øy ved innløpet til Hudsonbukta ved Foxesjøen. Salliq er underlagt Kivalliq-regionen i Nunavutterritoriet i Canada. Flatevidda skal vere 41 214 km2. Ho er Canadas niande største øy. Einaste busetnaden på Salliq er Coral Harbour med eit folketal på 712 etter folketeljing frå 2001.

Geografi

Salliq er skild frå Melvillehalvøya av Frozen Strait. Andre sjøvegar rundt om kring øya er Roes Welcome Sound i vest, Bay of Gods Mercy i sørvest, Fisher Strait i sør, Evans Strait i søraust, og Foxe Channel i aust.

Hansine Lake ligg langt nord på øya. Bellhalvøya utgjer den på den søraustre delen av øya. Mathiasen Mountain, eit fjell i Porsildfjella, er med sine vel 600 moh høgste punktet på øya.

Fauna

Fuglereservata East Bay Migratory Bird Sanctuary og Harry Gibbons Migratory Bird Sanctuary er viktige yngleplassar for snøgåsa (Anser caerulescens caerulescens).

Historie

I historisk samanheng er Salliq kjend for sine no utdøydde innbyggjarar, sadlermiutane (på moderne inuktitut sallirmiut. Desse utgjorde den siste rest av tuniit. Tuniit, ein pre-inuitkultur, vart erklært etnisk og kulturelt utdøydd etter 1902-03, då ein innførd sjukdom drap alle sallirmiutar i løpet av veker.

Tidleg på 1900-talet vart øya folkesett på ny av aivilingmiutar frå Repulse Bay og Chesterfield Inlet, etter oppmoding frå kvalfangaren George Comer og andre. Folk frå Baffinøya innvandra 25 år seinare. Den seinare kjende John Ell, reiste då han var barn til Salliq saman med mor si, Shoofly, på Comers skonnertar.

Største sadlermiut-boplassen låg på Native Point ved munninga av bukta Native Bay.