Sadlermiutfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sadlermiut)
Sadlermiutmann måla etter ei teikning av kaptein Lyon i 1824.

Sadlermiutfolk (inuktitut sadlermiut, også sagdlirmiut[1][2] eller sallirmiut med moderne staving, frå Sadlerk,[3] no Salliq, inuktitutnamnet for busetnaden Coral Harbour) var ei inuittisk folkegruppe som budde nesten heilt isolert på og rundt Coatsøya, Walrusøya og Southamptonøya i Hudsonbukta.[4] Gruppa døydde ut ved byrjinga av 1900-talet etter å ha blitt svekka av sjukdommar innførte av europearar. Ein trudde lenge at dei var dei siste etterkomarane etter Dorsetkulturen,[5] ettersom dei hadde ein kultur og ei språkform som skilde seg frå dei til inuittar på fastlandet. Sjølv om den lokale kulturen og skikkane deira ser ut til å ha hatt element frå både Dorset- og Thule-kulturane,[6] har ikkje genetiske studiar vist noko blanding med dorsetfolk, og har berre vist inuittisk avstamming. Dette har leia mange til å meina at dei kulturelle skilnadane ganske enkelt kan stamma frå isoleringa deira frå fastlands-inuittar.[7] Ein studie gjeven ut i 2015 kom fram til at sadlermiutfolk genetisk sett stamma frå thulefolk som på eit eller anna vis hadde skaffa seg kulturelle trekk frå dorsetkulturen, til dømes steinteknologi. Det er ikkje blitt kjend korleis dei fekk denne dorsetkulturen i mangel av tydelege teikn på genetisk blanding mellom dei to gruppene.[8]

Territoriet der sadlermiutfolk heldt til, og større arkeologiske funnstader knytte til sadlermiutbusetnader.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1824 sette «HMS Griper» under kaptein George Francis Lyon anker utanfor Cape Pembroke på Coats Island i Hudsonbukta. Mannskapet kom i kontakt med ei gruppe folk som skal ha snakka ein «underleg dialekt» og blei kalla sadlermiut.[9]

Sadlermiutfolk fortsette å ha kontakt med europearar. Som mange andre amerikanske urfolk var dei utsette for vestlege infeksjonssjukdommar, som dei hadde opparbeidd lite eller ingen motstand mot. I 1896 var det berre 70 att av gruppa. Hausten 1902 stoppa eit britisk handels- og kvalfangstskip,[10] «Active» ved Cape Low[11] på Southamptonøta. Sadlermiutar skal ha blitt smitta av ein sjukdom, kanskje influensa,[12] tyfoidfeber eller flekktyfus, frå ein sjuk sjømann om bord på skipet, som så spreidde seg til heile gruppa.[6][9] Vinteren 1902-03 var alle sadlermiutane døde bortsett frå ei kvinne og fire barn.[4][10]

I 1954 og 1955 studerte Henry B. Collins frå Smithsonian Institution ruinar etter inuittiske hus i kanadiske Arktis.[13] Han kom fram til at ruinane på Native Point var typiske for sadlermiutkulturen, som ein gong hadde hatt ei ganske stor utbreiing. Han fann også prov som tyda på at sadlermiutar var dei siste etterkomarane etter dorsetkulturen.[14]

Genetiske studiar har ikkje funne noko prov på direkte avstamming frå dorsetfolk, men det finst prov som tyder på at begge gruppene hadde eit felles, tidlegare opphav frå Sibir.[15][16]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Sadlermiutfolka levde av jakt og sanking, med hovudvekt på fiske og jakt på rein. Dei jakta også på sel, isbjørn og kvalross.[17] Til skilnad frå inuittar på fastlandet skal sadlermiutane ha hatt lite interesse for kvalfangst og snarefangst, og var dermed mindre nyttige for handelsfolk som vitja Coral Harbour.[4][18] I tillegg heldt sadlermiutane seg ofte påpasseleg unna handelsfolka, utforskarar og aivilingmiutfolk.[19] Dette kan dels ha vore på grunn av historiske konfliktar med aivilingmiutane, som ville ha tilgang til Southamptonøya på grunn av det store potensialet for kvalfangst, og denefolk som drog nordover om sommaren på jakt etter rein.[18]

Det er ikkje kjent kva språk sadlermiutane snakka, men det verker som om det var ganske ulikt det til naboane deira på fastlandet.[20] Naboinuittar fortalde at dei snakka «barnespråk», men det er uklart om dette viste til at dei snakka eit særmerkt inuittisk språk, eller om dei brukte pidgin-inuktitut som kontaktspråk.[21]

Ved andre halvdelen av 1800-talet var talet på sadlermiutfolk over 200. Men så auka kontakten med utanforståande, og ulike sjukdommar forårsaka ein kraftig nedgang i folketalet. Folkegruppa blei utsletta i 1902-03, som eit resultat av ein epidemi som spreidde seg i samfunnet frå kvalfangstskipet «Active». Av den totale befolkninga på 58 var det berre 5 overlevande, ei vaksen kvinne og 4 barn. Dei overlevande blei deretter evakuerte til Naujaat. Av denne gruppa var berre to barn att i live i 1908, og dei hadde ikkje noko minne om sadlermiutskikkane.[22]

Genetikk[endre | endre wikiteksten]

Ein genetisk studie publisert i Science i august 2014 tok for seg leiviningar etter 10 sadlermiutfolk gravlagde mellom ca. 1500 og 1900. Dei 8 prøvane av mtDNA som blei henta ut blei funne å høyra til haplogruppene A2b (7 prøvar) og D3a2a.[23] Desse haplogruppene er typiske for thulefolk og inuittar, noko som tyder på at sadlermiutane stamma frå thulefolk.[23] Ein fann at thulefolket stamma frå den sibirske birnirkkulturen, og hadde erstatta dorsetfolkekt fullstendig rundt år 1300 .[23][24]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aleš Hrdlička (1910). Contribution to the Anthropology of Central and Smith Sound Eskimo. The Trustees. s. 181. 
  2. Dalby, David (1994–2006). «Zone [60] Inuitic» (PDF). The LinguaSphere Online. Henta 23. april 2008. 
  3. Petrone, Penny (1988). Northern Voices: Inuit Writing in English. University of Toronto Press. s. 12–14. ISBN 978-0-8020-7717-2. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Briggs, Jean L.; J. Garth Taylor. «The Canadian Encyclopedia: Sadlermiut Inuit». Historica Foundation of Canada. Arkivert frå originalen 26. februar 2014. Henta 21. mars 2008. 
  5. Petrone, Penny (1988). Northern Voices: Inuit Writing in English. University of Toronto Press. s. 12–14. ISBN 978-0-8020-7717-2. 
  6. 6,0 6,1 «The People Arrive». The Free Library. 1. mars 1999. Henta 22. mars 2008. 
  7. «No Descendants Are Left From the First Eskimos». Live Science. 28. august 2014. Henta 21. september 2015. 
  8. Raghavan, Maanasa; DeGiorgio, Michael; Albrechtsen, Anders; et al. (29 August 2014). «The genetic prehistory of the New World Arctic». Science 345 (6200). PMID 25170159. doi:10.1126/science.1255832. 
  9. 9,0 9,1 «In the bones of the world (Part eight)». Nortext Publishing Corporation (Iqaluit) (Nunatsiaq News). 26. juli 2002. Arkivert frå originalen May 17, 2019. 
  10. 10,0 10,1 «Aboriginal 7 - Life in Canada». Library and Archives Canada. Arkivert frå originalen 4. august 2012. Henta 21. mars 2008. 
  11. Collins, Henry B. (1956). Vanished Mystery Men of Hudson Bay. CX No. 5. National Geographic Magazine. s. 674. 
  12. Renouf, M.A.P. (Fall 1991). «Museum Notes - Palaeoeskimo in Newfoundland & Labrador». The Rooms. Arkivert frå originalen 30. april 2008. Henta 21. mars 2008. 
  13. American Antiquity 23. Society for American Archaeology. 1957. s. 97. 
  14. Collins, Henry B. (1956). Vanished Mystery Men of Hudson Bay. CX No. 5. National Geographic Magazine. s. 674. 
  15. «Ancient tooth DNA sheds light on origins of Arctic peoples». 28. august 2014. Henta 21. september 2015. 
  16. Orlando, Ludovic (2021). L'ADN fossile, une machine à remonter le temps (på fransk). Odile Jacob. s. 33. ISBN 978-2-7381-5423-1. 
  17. Harris, John N. (1999–2004). «The Way West: The Blocked Passage». Henta 23. april 2008. 
  18. 18,0 18,1 «5. Inuit Innovation» (PDF). Indian and Northern Affairs Canada. 2006. Henta 23. april 2008. 
  19. Mitchell, Marybelle (1996). From Talking Chiefs to a Native Corporate Elite: The Birth of Class and Nationalism Among Canadian Inuit. McGill-Queen's Press - MQUP. s. 469. ISBN 978-0-7735-1374-7. 
  20. Canadian Encyclopedia: Sadlermiut Inuit, arkivert frå originalen 20. oktober 2012, henta 18. november 2022 
  21. Peter Dawson, The Possibility of Contact Between Dorset and Thule Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.
  22. Temple, Daniel Howard; Stojanowski, Christopher M. (6 December 2018). Hunter-Gatherer Adaptation and Resilience: A Bioarchaeological Perspective. ISBN 9781107187351. 
  23. 23,0 23,1 23,2 Raghavan, DeGiorgio & Albrechtsen 2014.
  24. Orlando, Ludovic (2021). L'ADN fossile, une machine à remonter le temps (på fransk). Odile Jacob. s. 33. ISBN 978-2-7381-5423-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]